Arnold Luhaäär

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Arnold Luhaäär
Arnold Luhaäär 1935.jpg
Fødd 20. oktober 1905
Mõisaküla
Død

19. januar 1965
Tallinn

Yrke vektløfter, brytar
Arnold Luhaäär på Commons

Arnold Luhaäär (fødd 20. oktober 1905 i Mõisaküla, død 19. januar 1965 i Tallinn) var ein estisk vektløftar som deltok i dei olympiske leikane i 1928 i Amsterdam og i 1936 i Berlin.

Luhaäär vann ein olympisk sølvmedalje i vektløfting under OL i 1928 i Amsterdam. Han kom på andre plass i den tyngste klassen, tungvekt over 82,5 kg, som vart avvikla 29. juli 1928. Det var totalt fem vektklassar, det same som under dei to føregåande olympiske vektløftingskonkurransane i Antwerpen og Paris. Luhaäär løfta samanlagt 360,0 kg, det var 12,5 kg mindre enn gullvinnaren Josef Straßberger frå Tyskland. Det var 17 utøvarar frå 11 land som konkurrerte i tungvektklassen. Åtte år seinare, under OL i 1936 i Los Angeles kom han på tredje plass i vektløfting tungvekt, han løfta då samanlagt 400 kg.

OL-medaljar[endre | endre wikiteksten]