Arthur Arntzen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sjå òg politikaren Arthur Arntzen.
Arthur Arntzen i 2007
Foto: Harald Groven

Arthur Andreas Arntzen (fødd 10. mai 1937) er ein norsk komikar, forfattar og artist frå Tromsø.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Arntzen vart fødd i Tromsø og voks opp på Tromsøya og i Gratangen og Tromsdalen, der han seinare busette seg.

Trass i minimalt med skulegang, vart Arntzen journalist i lokalaviser, og vart seinare på 1950-talet Nord-Noreg-korrespondent for Dagbladet.

På slutten av 1950-talet skapte Arntzen komifiguren «Oluf Rallkattli», fyrst for lokalrevyar, frå 1965 for TV og sidan 1967 for bøker og skodespel. Som skodespelar er han kjend for den nordnorske humoren sin, noko som òg er emne i fleire av bøkene hans. Boksalet i Oluf-serien har kome opp i over 700 000. I 1989 vart bøkene omarbeidde til eit skodespel for Hålogaland teater. Dette vart den største suksessframsyninga teateret hadde hatt nokon gong, og TV-versjonen vart ein tilsvarande suksess. Det siste skodespelet hans, Den fordømte nordlendingen, omhandla òg nordnorsk humor. Saman med Håkon Karlsen og Tore Skoglund har han halde framsyningar om Oluf, der fleire av dei òg er utgjevne på CD.

Arthur avgjorde å avslutte skodespelet om Oluf i 2007, då etter 50 år.

Ole Danbolt Mjøs, tidlegare rektor ved Universitetet i Tromsø, utnemnde Arntzen til ei honorær universitetsstilling som av Arntzen har vorte omtala som «flirolog» eller «artigamanuensis».

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]


Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • 1973 - Han Oluf (med Håkon Karlsen)
  • 1973 - Ja, du Oluf
  • [(1977]] - Erindringer 1
  • 1980 - Han Oluf igjen
  • 1981 - Mølje og sodd
  • 1984 - Oluf's kattastrofe
  • 1988 - Olufs jubileumsfarse
  • 1991 - Latterkula
  • 1991 - På kryss og tvers med Oluf og Lars
  • 1995 - Livet med Oluf (samleplate)

Filmografi[endre | endre wikiteksten]

  • 1975Tut og kjør
  • 1990Oluf (vist i TV, NRK).
  • 1997Den fordømte nordlendingen
  • 199940 år med Oluf
  • 2006Oluf i eget bokbad
  • 2007 - 50 år med Oluf

Bøker om Arthur Arntzen[endre | endre wikiteksten]

Prisar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]