Hopp til innhald

Arthur Arntzen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå politikaren Arthur Arntzen.
Arthur Arntzen

Fødd10. mai 1937 (87 år)
FødestadTromsø kommune
Verka somskodespelar, skribent, journalist, musikar
PrisarJack Berntsens kulturpris, Leonardstatuetten, Troms fylkeskommunes kulturpris, Tromsø kommunes kulturpris, Solprisen, Spellemannprisen i underholdning, ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden, Årets tromsøværing

Arthur Andreas Arntzen (fødd 10. mai 1937) er ein norsk komikar, forfattar og artist frå Tromsø.

Arntzen vart fødd i Tromsø og voks opp på Tromsøya og i Gratangen og Tromsdalen, der han seinare busette seg.

Trass i minimalt med skulegang, vart Arntzen journalist i lokalaviser, og vart seinare på 1950-talet Nord-Noreg-korrespondent for Dagbladet.

På slutten av 1950-talet skapte Arntzen komifiguren «Oluf Rallkattli», fyrst for lokalrevyar, frå 1965 for TV og sidan 1967 for bøker og skodespel. Som skodespelar er han kjend for den nordnorske humoren sin, noko som òg er emne i fleire av bøkene hans. Boksalet i Oluf-serien har kome opp i over 700 000. I 1989 vart bøkene omarbeidde til eit skodespel for Hålogaland teater. Dette vart den største suksessframsyninga teateret hadde hatt nokon gong, og TV-versjonen vart ein tilsvarande suksess. Det siste skodespelet hans, Den fordømte nordlendingen, omhandla òg nordnorsk humor. Saman med Håkon Karlsen og Tore Skoglund har han halde framsyningar om Oluf, der fleire av dei òg er utgjevne på CD.

Arthur avgjorde å avslutte skodespelet om Oluf i 2007, då etter 50 år.

Ole Danbolt Mjøs, tidlegare rektor ved Universitetet i Tromsø, utnemnde Arntzen til ei honorær universitetsstilling som av Arntzen har vorte omtala som «flirolog» eller «artigamanuensis».

Bibliografi

[endre | endre wikiteksten]
  • 1974 – Han Oluf.
  • 1974 – Oluf R.
  • 1980 – Rapport frå Rallkattlia.
  • 1982 – Supar Oluf.
  • 1982 – Ho Emma.
  • 1987 – Han Lars (illustrasjonar av Dagfinn Bakke).
  • 1987 – Oluf og Emma (illustrasjonar av Dagfinn Bakke).
  • 1988 – Oluf R (illustrasjonar av Dagfinn Bakke)
  • 1988 – Super Oluf (illustrasjonar av Dagfinn Bakke).
  • 1988 – Rallkattlia (illustrasjonar av Dagfinn Bakke).
  • 1989 – Siste Oluf (illustrasjonar av Dagfinn Bakke).
  • 1989 – Rapport fra Rallkattlia (illustrasjonar av Dagfinn Bakke).
  • 1990 – Æ sei ikkje meir (illustrasjonar av Dagfinn Bakke).
  • 1990 – Oluf samla (illustrasjonar av Dagfinn Bakke).
  • 1990 – Småkarer under frostmåne (sjølvbiografi, saman med Arvid Hansen).
  • 1993 – Det svær æ på.
  • 1994 – Æ gjer meg ikkje (illustrasjonar av Dagfinn Bakke).
  • 1986 – Æ lyg ikkje (illustrasjonar av Dagfinn Bakke).
  • 1996 – Dokker kan flire: elendighet i utval (illustrasjonar av Dagfinn Bakke).
  • 1997 – Oluf for evig (illustrasjonar av Dagfinn Bakke).
  • 1987 – Nye Oluf (illustrasjonar av Dagfinn Bakke).
  • 1994 – Og langsomt kom lyset.
  • 2003 – Det latterlige alvor.
  • 2006 – Oluf i eget bokbad.
  • 2009 - Vi sto han av! (illustrasjonar av Dagfinn Bakke).

Diskografi

[endre | endre wikiteksten]
  • 1973 - Han Oluf (med Håkon Karlsen)
  • 1973 - Ja, du Oluf
  • 1977 - Erindringer 1
  • 1980 - Han Oluf igjen
  • 1981 - Mølje og sodd
  • 1984 - Oluf's kattastrofe
  • 1988 - Olufs jubileumsfarse
  • 1991 - Latterkula
  • 1991 - På kryss og tvers med Oluf og Lars
  • 1995 - Livet med Oluf (samleplate)

Filmografi

[endre | endre wikiteksten]
  • 1975 – Tut og kjør
  • 1990 – Oluf (vist i TV, NRK).
  • 1997 – Den fordømte nordlendingen
  • 1999 – 40 år med Oluf
  • 2006 – Oluf i eget bokbad
  • 2007 - 50 år med Oluf

Bøker om Arthur Arntzen

[endre | endre wikiteksten]

Prisar og utmerkingar

[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]