Artisten DQ

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
DQ
ESC 2007 Denmark - DQ - Drama Queen.jpg
Fødd3. september 1972 (49 år)
FødestadNæstved
FødenamnPeter Andersen
OpphavDanmark
Aktiv1997–
Instrumentvokal
Verka sommusikar, songar

Peter Andersen (fødd 3. september 1972), kjend under artistnamnet DQ, er ein dansk artist, revyskodespelar og dragartist. Han vann Dansk Melodi Grand Prix i 2007 med songen «Drama Queen» og representerte Danmark i Eurovision Song Contest i Helsingfors same år. Songen vart slått ut i semifinalen.[1]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Andersen vart fødd i Næstved i Danmark. Han starta songkarrieren sin i bandet Turn on Tina i 1997, der han imiterte Tina Turner. Bandet turnerte konsertar og festivalar både i Danmark og utlandet.[2]

Seinare skapa Andersen artistpersonlegdomen DQ. Han produserte eit eige dragshow og underheldt på firmafestar, konsertar og privatfestar. Han spela også fast på Cafe Frederik i Esbjerg i over ti år. Han opptredde også med dragshowet sitt over heile Europa og i Thailand, Canada og Grønland.[2]

I 2007 vart Andersen landskjend i Danmark då han vann Dansk Melodi Grand Prix med songen «Drama Queen». I kjølvatnet av sigeren fekk han ei rekkje nye oppdrag, inkludert som fast revyskodespelar saman med artistar som Anne Herdorf, Ann Hjort, Ulla Jessen, Rasmus Krogsgaard, Jesper Søgaard, Kim Brandt, Randi Winter og Lars Arvad.

Han har også opptredd i fleire danske tv-program, blant anna Go’ morgen Danmark, Aftenshowet, Fredag i farver og Masterchef.[2] Han opptrer også regelmessig på show og konsertar.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «DQ». Eurovision.tv (engelsk). Henta 21. april 2022. 
  2. 2,0 2,1 2,2 «Om DQ | DQ». www.drama-queen.dk (dansk). Henta 15. juli 2018. 
  3. «Det laver Peter 'DQ' Andersen i dag: Se MGP-vinder give den som Emmelie de Forest». B.T. (dansk). Henta 15. juli 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]