Hopp til innhald

Artur Dalalojan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Artur Dalalojan


Statsborgarskap Russland
Fødd 26. april 1996 (28 år)
Tiraspol
Idrett turn
Tok del i

Turn under Sommer-OL 2020 – Mangekamp menn, Turn under Sommer-OL 2020 – Mangekamp lagkonkurranse menn

Utmerkingar

Venskapsordenen

Artur Gratsjevitsj Dalalojan (fødd 26. april 1996) er ein russisk turnar, fødd i Tiraspol i Moldova. Han vann to gullmedaljar i Turn-VM 2018 og ein i Turn-VM 2019, i 2021 vart han olympisk meister med det russiske mannskapet under sommarleikane i Tokyo.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Åra 2017, 2018, 2019 sanka Dalalojan til saman fem gullmedaljar, to sølvmedaljar og tre bronsemedaljar under europameisterskapane i Cluj-Napoca, Szczecin og Glasgow. Under Turn-VM 2018 i Doha vart han verdsmeister i mangekamp, på heilt poengsum som andremann, kinesaren Xiao Ruoteng. Dalalojan tok også gullmedaljen i frittståande og fekk sølvmedaljar i hopp-øvinga og som deltakar på Russland sitt mannskap i lagkampen, samt ein bronsemedalje i svingstang. Frå Turn-VM 2019 i Stuttgart reiste han med fire medaljar: gull i lagkampen, sølv i mangekamp og i hopp, bronse i svingstang. Saman med Nikita Nagornij bidrog han sterkt til at Russlands firemannslag vann gullmedaljen i lagkampen i Tokyo-OL sommaren 2021. Individuelt vart han nummer 6 i mangekampen i Tokyo.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Artur Dalalojan