Arvo Viitanen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Arvo Viitanen
Fødd 12. april 1924
Uurainen
Død

28. april 1999
Anjalankoski

Yrke langrennsløpar

Arvo Albert Viitanen (12. april 192428. april 1999) var ein finsk langrennar frå Uurainen i Mellersta Finland som i 1954 vart verdsmeister i 4 x 10 km stafett, og som vann i alt seks VM- og OL-medaljar i tida 1954-58.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Viitanen vann 18 km i Lahti-renna både i 1952, 1953 og 1954. Under Ski-VM 1954 i Falun vann han både gull, sølv og bronse i høvesvis 4 x 10 km stafett, 15 km og 50 km. På stafetten gjekk han tredjeetappen, dei andre gullvinnarane var August Kiuru, Tapio Mäkelä og Veikko Hakulinen.

I 1955-sesongen vann Viitanen femmila i Lahti og han vart finsk meister både på 15 og 50 km. Saman med Kiuru, Jorma Kortelainen og Hakulinen sikra han finsk sølv på stafetten under vinterleikane i Cortina d'Ampezzo. Seinare i OL-sesongen vann han 50-kilometeren i Holmenkollrenna i Oslo.

Under verdsmeisterskapen 1958 i heimlege Lahti sikra Viitanen seg to bronsemedaljar, fyrst på 4 x 10 km stafett og deretter på femmila. Hans siste store triumf var gullmedaljen på 30 km ved den finske skimeisterskapen 1959.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]