Asbjørn Lindboe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Asbjørn Lindboe
Asbjørn Lindboe.jpg
Fødd 19. juni 1889

Trondheim

Død 8. mars 1967
Bærum
Parti Senterpartiet, Frisindede Venstre

Asbjørn Lindboe (19. juni 18898. mars 1967) var ein norsk jurist og embetsmann frå Trondheim. Han var justisminister 1931-33 og fylkesmann i Nord-Trøndelag. Jacob Lindboe var far hans.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Lindboe vart cand.jur. i 1914 og var sorenskrivarfullmektig i Nordfjord 1914–15, fullmektig hos byfuten i Trondheim 1915–19 og overrettsakførar same stad 1919–31, som høgsterettsadvokat frå 1925.

Valperioden 1923-25 representerte han Frisinnede Venstre i bystyret i Trondheim. Han var medlem i landsstyret i Bondepartiet frå 1938 og medlem av styret i Norges Grønlandslag frå det vart skipa i 1931.

Frå 1931 til -33 var han justisminister i bondeparti-regjeringane leia av Peder Kolstad og deretter Jens Hundseid. Frå 1933 var han sorenskrivar i Inderøy, ei stilling han hadde fram til han vart avsett av okkupasjonsstyresmaktene i 1943. I november 1945 vart han utnemnd til fylkesmann i Nord-Trøndelag, eit embete han hadde frå 1946 til han gjekk av for aldersgrensa i 1959. Han flytta då til Bærum, der han døydde.

Lindboe gav i 1944 ut boka Privat rettergang.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]