Jens Hundseid

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jens Hundseid
none  Jens Hundseid
Jens Hundseid
Fødd 6. mai 1883
Vindafjord
Død 13. desember 1963
Oslo
Verv Statsminister i Noreg
 - periode 1932-1933
 - føregjengar Peder Kolstad
 - etterfylgjar Johan Ludwig Mowinckel

Jens Falentinsen Hundseid (6. mai 188313. desember 1965) var ein politikar frå Vikedal i Rogaland. Han var statsminister i Noreg frå 14. mars 1932 til 3. mars 1933.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Hundseid var stortingrepresentant for Telemark fylke og Bondepartiet frå 1925 til 1936. Dertter representerte han same partiet i Buskerud frå 1937 til Stortinget vart samla att i 1945.

Hundseid vart statsminister i den første Bondepartiregjeringa etter at forgjengaren Peder Kolstad døydde i 1932. Hundseid sat på Stortinget frå 1925 til 1940, og var parlamentarisk leiar i Bondepartiet i periodane 1931-1933 og 1934-1940.

Frå fleire hald vert maktovertakinga 16. april 1932 rekna som eit statskupp, då partileiinga i Bondepartiet i utgangspunktet ynskte at Einar Borch skulle ta over statsministerposten. Men Hundseid gjekk til kong Haakon VII og gav uttrykk for at partiet hadde utpeikt han til ny leiar av Bondepartiregjeringa før Borch hadde komme til Oslo. Seinare kunne Hundseid erklære at han var beden av kongen om å stifte ny regjering for Bondepartiet.

Før krigen og i regjering markerte Hundseid seg som motstandar av Vidkun Quisling sine haldningar, men i 1940 vart Hundseid likevel medlem i Nasjonal Samling, støtta okkupasjonsmakta og fekk lang fengselsstraff etter krigen. Det vert spekulert i at dette var eit pragmatisk val frå Hundseid si side, medan andre meiner han frykta represaliar frå Quisling.


Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!