Frisindede Venstre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Frisindede Venstre
LandNoreg
Partileiar(ar)Abraham Berge
Grunnlagt3. mars 1909
Nedlagt1945
Ideologiklassisk liberalisme, nasjonalliberalisme, antikommunisme, høyreradikalisme Sjå dette på Wikidata
Politisk posisjonhøgresida

Det Frisindede Venstre, Frisinnede Venstre, Frisinna Venstre, Frilynde Vinstre, seinare Frisindede Folkeparti var eit norsk politisk parti. Partiet vart stifta 1. mars 1909 under leiing av tidlegare statsminister Christian Michelsen. Partimedlemmene var stort sett utbrytarar frå den mest konservative delen av Venstre. Det Frisindede Venstre var dei innan Venstre som ynskte eit nært samarbeid med Høgre. Partiet var med i fleire regjeringar saman med Høgre. Abraham Berge og Wollert Konow (SB) var båe statsministrar som kom frå Frisindede Venstre. Frisindede Venstre endra namn til Frisindede Folkeparti i 1932. Partiet var nedlagd i 1936. Dei fleste i tidlegare Det Frisindede Venstre hadde då gått inn i Høgre.

Valoppslutting og stortingsrepresentasjon[endre | endre wikiteksten]

Ved valet i 1909 fekk partiet inn 26 representantar på Stortinget. Allereie i 1912 gjekk talet ned til 4, i 1915 til 1. I 1921 fekk dei 15 representantar, men gjekk ned att til 1 i 1933 og 0 i 1936.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]