Ashalim
Ashalim | |||
landsby | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Region | Negev | ||
Distrikt | Det sørlege distriktet | ||
Kommune | Ramat Negev | ||
Koordinatar | |||
Folketal | 313 (2011) [1] | ||
Grunnlagd | 1979 | ||
![]() Ashalim | |||
Wikimedia Commons: Ashalim | |||
Ashalim (hebraisk skrift אֲשָׁלִים) er ein liten fellesbusetnad sør i Israel. Han ligg i Negevørkenen, kring 35 km sør for Beer Sheva og på austsida av Nahal Besor, som er den største elva i Negev. Ashalim høyrer til Ramat Negev regionale kommune. I 2011 hadde han 313 innbyggjarar.[1]
Busetnaden har fått namn etter ein eldre landsby. Den opphavelege landsbyen Ashalim var ein av tre nahal-busetjingar grunnlagd mellom Mashabei Sadeh og Nitzana i 1956. Sjølve namnet tyder 'tamarisk', ein art av buskar og småtre.
Den nye Ashalim vart grunnlagd som ein moshav shitufi i 1979 etter at busetjarane der hadde flytta frå Bir Asluj Hill nær Golda Park (ved ein kunstig innsjø). I dag er Ashalim ein fellesbusetnad.
Ashalim er en av fleire utviklingsstader for solenergi i Israel. Ein 250 MW solcellepark i Ashalim vart starta opp i 2013.[2]
I 2003 vart Kfar Adiel, ein landsby for studentar ved Ben-Gurion universitet i Negev, grunnlagd nær Ashalim av Ayalim, med mål om å opprette bustader for studentar og små entreprenørar i Negev og Galilea.[3]
I nærleiken ligg mellom anna Ezuz og Nitzana.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Ashalim» frå Wikipedia på engelsk, den 12. september 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 «Locality File». Israelsk statistisk sentralbyrå. 2011. Arkivert frå originalen (XLS) 2013-09-23. Henta 9. oktober 2014.
- ↑ The Solar Vote, Yosef I. Abramowitz and David Lehreer, Haaretz, November 2, 2008.
- ↑ Kfar Adiel
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Ashalim Arkivert 2007-10-25 ved Wayback Machine. Negev Information Sentral