Askil Holm

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Askil Holm

Fødd1. juni 1980 (43 år)
FødestadNamsos
FødenamnAskil Lænd Holm
OpphavNoreg
Instrumentvokal
Verka somsongar, musikar, musikkprodusent

Askil Lænd Holm (fødd 1. juni 1980) er ein norsk musikar frå Namsos.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Allereie i oppveksten i Namsos var Holm med i fleire band; dei mest kjende av desse er kanskje Attack som han spelte i i 10 år, og Deadweight. I 2001 gav han ut sin fyrste solo-EP; The Boy with the Boomerang, som fekk gode kritikkar. I 2002 var Askil Holm med på by:Larm i Kristiansand, og låta The Boy with the Boomerang vart her kåra til beste by:Larm-låt.

Seinare i 2002 gav han ut debutplata Seven Days in the Sun, og i 2003 kom oppfylgjaren Daydream Receiver ut på Universal Records. Låta Seven Days in the Sun vart brukt som bakgrunnsmusikk i Thomas Giertsen sitt fjernsynsprogram Kvinnen i mitt liv, og låta Daydream Receiver vart inkludert i spelefilmen Agent Cody Banks av Harald Zwart. Holm framførte mange konsertar i 2003, og eitt av høgdepunkta var då han spelte med Kringkastingsorkesteret under innsamlingsaksjonen den hausten.

I 2006 vart Askil Holm kjend saman med Kurt Nilsen, Alejandro Fuentes og Espen Lind som gav ut coverlåtplata Hallelujah - Live. Dei vart særleg kjende for sin versjon av Leonard Cohen-songen Hallelujah; som vart kåra til Årets hit under Spellemannprisen 2006.

Askil Holm sitt neste soloalbum kom ut i 2007 i samarbeid med Martin Hagfors og Kyrre Fritzner, og fekk namnet Harmony Hotel. Plata har seld over 25.000 eksemplar. I 2009 har Holm spelt inn Hallelujah Live 2 saman med Nilsen, Fuentes og Lind, samt gjeve ut eit nytt soloalbum: Rolling the Slow Bus Home. Etter dette har Holm vorte styremedlem i Rikskonsertene,[1] delteke på eit stønadsalbum for jordskjelvofra på Haiti[2], blitt far[3] og jobba med eit nytt, norskspråkleg album som er venta i 2012.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • 2001: The Boy with the Boomerang (EP)
  • 2002: Seven Days in the Sun
  • 2003: Daydream Receiver
  • 2006: Hallelujah Live - Lind, Nilsen, Fuentes & Holm
  • 2007: Harmony Hotel
  • 2009: Hallelujah Live - Volume 2 - Lind, Nilsen, Fuentes & Holm
  • 2009: Rolling the Slow Bus Home

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]