Aslaug Dahl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Aslaug Dahl
Statsborgarskap Noreg
Fødd 23. mars 1949
Nesseby
Idrett langrenn
Yrke langrennsløpar

Aslaug Magna Dahl (fødd 23. mars 1949) er ein norsk tidlegare langrennsløpar frå Nesseby. Ho var med å vinne bronsemedaljen for Noreg i 3x5 km stafett under vinter-OL 1972 i Sapporo. Dahl vart noregsmeister på 5 km i 1970 ig 1976, og tok elles seks NM-sølv i tida 1970-76.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Dahl deltok i sin fyrste noregsmeisterskap på ski i 1969 og vart nummer seks på 10 km. Året etter overraska ho og vart norsk meister på 5 km i Meldal. I 1971 fekk ho med seg dei individuelle sølvmedaljane frå NM, i begge tevlingane vart ho slått av Berit Mørdre. Nye sølvmedaljar fekk ho på 5 km i 1972, 10 km 1973 og 5 km i 1974. I 1972 fann ho si overkvinne i Katharina Mo, sidan i Berit Mørdre.

Under vinterleikane 1972 i Sapporo vart ho nummer seks og beste norske på opningsdistansen 10 km, for så å verte nummer åtte på 5-kilometeren. I stafetten over 3x5 km gjekk Dahl andreettappen etter Inger Aufles, ei tevling som enda med at Berit Mørdre gjekk dei norske kvinnene inn til bronsemedaljar.

Dahl vann sin andre NM-tittel då ho sigra i ein tett 5 kilometer under NM 1975 i Flatebygd, 1, 6 sekundar føre Marit Myrmæl og 3,1 sekundar framom Berit Mørdre. I 1976 tok ho si tiande og siste NM-medalje (2-6-2) då ho kom på sølvplassen etter Berit Johannessen på den alle fyrste 20 km i NM-samanheng, eit renn som vart avvikla i Surnadal.

Dahl la opp etter 1977-sesongen.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar