Aslaug Fadum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Aslaug Fadum
Fødd17. august 1925
Død13. november 2016
Statsborgar avNoreg
PartiSenterpartiet
Yrkepolitikar

Aslaug Fadum, fødd Olsen, (17. august 192513. november 2016) var stortingsrepresentant frå Vestfold for Senterpartiet i perioden 1973-77.

Fadum byrja arbeide som hushjelp. Under verdskrigen tok ho handelsskuleeksamen, jobba elles som pakkar fram til ho gifta seg i 1948. Deretter var ho husmor og gardkone. Frå 1961 til -69 var ho formann i Sem bondekvinnelag. Sidan 1969 var ho styremedlem i Vestfold Senterparti og elles formann i Vestfold bondekvinnelag. Perioden 1972-75 var ho medlem Sem kommunestyre, der ho hadde plass i formannskapet.

Under nominasjonsmøtet til Senterpartiet i Vestfold før stortingsvalet 1973 vart Fadum vald til fylkespartiet sin fyrstekandidat, etter ei kampvotering mot ordføraren i Ramnes, Torstein Håland. Dermed toppa ho ei fellesliste for Senterpartiet og Venstre. Med god margin kom ho inn på Stortinget, der ho var sekretær i Sosialkomiteen. Ho lukkast ikkje verte attvald i 1977.

Etter åra på stortinget var Fadum med i ei rekke råd og utval. Såleis hadde ho verv i Gjensidige og Den norske Creditbank. Perioden 1982-88 var ho styremedlem i Den norske stats oljeselskap. Lokalt var Fadum formann i Sem sokneråd og frå 1996 i Sem Diakonal. Åra 1995-99 leia ho jubileumskomitéen for Sem kyrkje, og ho redigerte Festskrift til Sem Kirkes 900 års jubileum.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]