Aspen i Botkyrka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Aspen
innsjø
none  Innsjøen Aspen mot aust. Foto: Holger Ellgaard.
Innsjøen Aspen mot aust. Foto: Holger Ellgaard.
utløp Älvestaån (til Tullingesjön)
Høgd over havet 18,0 moh moh
Lengd 3 5 km km
Breidde 0 950 km km
Volum 1 84 km³ km³
Areal 1 847 km² km²
Kystlengd1 11 95 km km
Wikimedia Commons: Aspen, Botkyrka Municipality
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Aspen er ein innsjø i Botkyrka kommun i landskapet Södermanland i Sverige. Sidan byrjinga av 1950-talet har innsjøen vore delt i ein nordleg og ein sørleg del av vegbanken for E4/E20.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Under steinalderen låg området Aspen ligg i, under hav. Gjennom landhevinga vart Aspen for 4000 år sidan løfta ut av det havdekka området. Buplassar frå bronsealderen eksisterer her enno, like så gravrøyser. For ca. 1000 år sidan vart området kolonisert, og jernaldergarder låg langs innsjøen. Ved dagens rideskule låg busetnaden Skrävsta, på andre sidan av innsjøen, ved Lindhov, låg òg ein busetnad, og der Hågelby gard ligg i dag, låg ein tredje byen, Hogslaby, der ein i dag har rekonstruert ein jernalderby. Gravflet frå denne perioden er verna i heile området.

Naturen[endre | endre wikiteksten]

Ikkje langt frå Skrävsta ligg Ekholmens naturreservat, der eit 60-tal sine større eiketre veks, derav omtrent halvparten av dei er fleire hundre år gamle. Her er det òg flaggermus og ei rekkje andre dyr og plantar. Edellauvskogen gjev ein oppfatning om varmen til bronsealderen klima. Ein særeigen skogstype ligg i Hasselbacken, rett overfor Ekholmen, der ein lauvsumpskog av orar veks på små øyar i sumpmarka. Ljoset strålar ned mellom søyler av grå stammar.

Bilete[endre | endre wikiteksten]

Bilete frå turløypa rundt Aspen (bilettitlar på svensk). Fotograf (alle bileta): Holger Ellgaard

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 59°13.31′N 17°48.56′E