Audun

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Våpenskjoldet til baron Audun Hugleiksson.

Audun er eit mannsnamn og eit sjeldan kvinnenamn som begge har norrønt opphav. Førsteleddet Aud tyder 'rikdom'. Endinga i mannsnamnet er avleidd frå -vin, som tyder 'venn'. Endinga i kvinnenamnet, som òg kan skrivast Audunn, kjem frå unnr, 'elska'.

Mannsnamnet Audun er allment kjend frå mellomalderen. Det har ei rekke lokale former, som Auden, Auen, Augen, Augon, Augun(d) og Oven. Det engelske namnet Edvin har same opphav og tyding.

Audun har namnedag den 1. mars.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Namnet har vore i bruk på heile 1900-talet. Frå 1925 har bruken lege rundt 0,15 % av nyfødde gutar. Ved ein topp på byrjinga av 1980-talet fekk rundt 0,26 % namnet Audun.

I 2009 var det 3877 norske menn og 14 norske kvinner som heitte Audun.

Namneberarar[endre | endre wikiteksten]

Audun Lysbakken talar i Stortinget.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]