Audun Lysbakken

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Audun Lysbakken
none
Fødd 30. september 1977

Bergen

Audun Bjørlo Lysbakken (fødd 30. september 1977) er ein norsk politikar frå Bergen. Han representerer Sosialistisk Venstreparti. Audun Lysbakken var frå 20. oktober 2009 statsråd i Barne- og likestillingsdepartementet, som frå 1. januar 2010 vart Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet, i Regjeringa Stoltenberg II. Han trekte seg frå denne stillinga 5. mars 2012.[1] Kristin Halvorsen tok mellombels over stillinga hans.[2] Frå den 10. mars er Lysbakken partileiar for SV.[3]

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Audun Lysbakken er fødd og oppvaksen i Bergen. Far hans er skodespelaren Sigurd Lysbakken, og mor hans er forfattar Geirdis Bjørlo. Av utdanning har han allmennfag frå Bergens Handelsgymnasium (1993–1996) og grunnfag i fransk og samanliknande politikk frå Universitetet i Bergen (1996–1998). Han sat i bystyret i Bergen frå 1999 til 2000, og var nestleiar i Sosialistisk Ungdom i frå 2000 til 2002. Han har arbeidd som kontorsekretær hjå Norsk Økologisk Landbrukslag (1999–2000) og journalist i Klassekampen (2000–2001).

I 2001 vart han vald som stortingsrepresentant for Hordaland fylke, og han sat fire år i Stortinget sin finanskomité. I denne perioden var han også medlem av Stortinget sin delegasjon til den parlamentariske forsamlinga i OSSE. Han var i perioden 2005–2009 fyrste vara til Stortinget. I 2009 var han 1. kandidat for SV i Hordaland. Som innvald stortingsrepresentant vart han først i oktober same året vald til parlamentarisk leiar for SV si stortingsgruppe, eit verv han hadde berre i eit par veker. Frå 2006 til 2012 var han nestleiar i SV.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]