August Christian Manthey

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
August Christian Manthey
August Christian Manthey OB.X1653.jpg
Fødd 14. februar 1811

Rakkestad

Død 25. mai 1880

August Christian Manthey (14. februar 181125. mai 1880) var ein norsk embetsmann fødd i Rakkestad. Han var son til Samuel Manthey og svigerson til forretningsmannen Jacob Nielsen.

August Manthey vart student frå katedralskulen i Christiania i 1829 og vart cand.jur. i 1835. Han var i 1830 kopist i Finansdepartementet og ei kort tid sorenskrivarfullmektig i Indre Sogn. Frå 1838 arbeidde han som fullmektig i Finansdepartementet, deretter byråsjef i same departement frå 1841. I 1845 vart han ekspedisjonssekretær i det som skulle verte Indredepartementet. Han var amtmann i Hedmark frå 1849. Den 30. april 1856 vart han utnemnd til statsråd og veksla mellom å vere sjef i Revisjons-, Finans-, Justis- og Indredepartementet. Han tok avskjed frå statsråd 29. juli 1874, samstundes som han vart utnemnd til stiftamtmann i Kristiania.

Manthey var Noregs kommissær under forhandlingane om Øresundstollen. Elles sat han i styret for fleire privatbankar og forsikringsselskap.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]