Jacob Nielsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jacob Nielsen
Silhuett av Jacob Nielsen, Eidsvoll 1814, EM.00672.jpg
Fødd 26. mars 1768
Christiania
Død

15. desember 1822
Kongsvinger

Jacob Nielsen (26. mars 176815. desember 1822) var ein norsk forretningsmann og stortingsmann.

Nielsen var fødd i Kristiania, der faren var handelsagent. 1786-87 var han utanlands for å lære seg handel. I åra frå 1797 til 1805 var han tilsett på kontoret til rikaste mannen i Noreg, Bernt Anker. Då Anker døydde i 1805 vart Nielsen hovudstyrar i "Det Ankerske fideikommis", ein posisjon han hadde til fideikomisset gjekk konkurs i 1819.

Nielsen var agent med rang av justisråd frå 1808. Perioden 1810-12 ytte han lån til statskassa.

16. februar 1814 deltok Nielsen på stormannsmøtet på Eidsvoll. På det overordentlege stortinget hausten 1814 var han 2. representant for Kristiania. 1814-18 var han meddirektør (styremedlem) i riksbanken.

Nielsen døydde på garden sin Skansgården i Vinger i 1822.

Jacob Nielsen var far til telegrafdirektør Carsten Tank Nielsen og farfar til historikaren Yngvar Nielsen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]