August Kiuru

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
August Kiuru
Fødd 12. juli 1922
Gromovo
Død

23. februar 2009
Finland

August Kiuru (12. juli 192224. februar 2009) var ein finsk langrennar som vart verdsmeister med Finlands stafettlag og tok bronsemedaljen på 15 km under Ski-VM 1954. Han var elles med å vinne stafett-sølv for Finland både under OL 1948, VM 1950 og OL 1956.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Kiuru var fødd i Sakkola i Karelen, dagens Gromovo i Russland. Han deltok i dei olympiske vinterleikane 1948 i St. Moritz og vart sjuandemann på 18 km, før han gjekk Finland inn til olympisk sølv i 4x 10 km stafett, dei andre på laget var Lauri Silvennoinen, Teuvo Laukkanen og Sauli Rytky.

I 1950 var Kiuru mellom langrennarane som tok turen over til USA og Ski-VM 1950. På 18 km kom han i mål eitt sekund etter bronsevinnarArnljot Nyaas og vart nummere fire. Nokre dagar seinare gjekk han Finland inn til sølvmedalje i 4 x 10 km stafett, som i St. Moritz vann Sverige klart. I Rumford hadde han med seg Heikki Hasu, Viljo Vellonen og Paavo Lonkila på laget.

Kiuru gjorde lite av seg dei neste sesongane. Derimot markerte han seg under Ski-VM 1954 i Falun, fyrst med å sikre seg bronsemedaljen og finsk storeslem på 15 km, bak gullvinnar Veikko Hakulinen og sølvvinnar Arvo Viitanen. Seinare gjekk han startetappen for det finske mannskapet som vann ein suveren siger i 4 x 10 km stafett, dei andre løparane var Tapio Mäkelä, Viitanen og ankermann Hakulinen.

Vinteren 1955 vitja Kiuru Holmenkollen og vart nummer to på 15 km, eit lite halvminutt bak landsmanen Aarne Hiiva. Året etter gjekk Kiuru startetappen for Finland, med Jorma Kortelainen, Arvo Viitanen og Veikko Hakulinen på laget, og enda som sølvmedaljør i 4 x 10 km stafett under Vinter-OL 1956 i Cortina d'Ampezzo, eitt minutt bak Sovjetunionen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar.