Heikki Hasu
| Heikki Hasu | |
| Statsborgarskap | Finland |
| Fødd | 21. mars 1926 Sippola |
| Død | 5. april 2025 (99 år) |
| Idrett | kombinert, langrenn |
| Tok del i | cross-country skiing at the 1952 Winter Olympics – men's 4 × 10 kilometre relay, Kombinert under Vinter-OL 1948, Kombinert under Vinter-OL 1952, Vinter-OL 1948 |
| Utmerkingar | Holmenkollmedaljen, ridder av 1. klasse av Finlands løves orden, Cross of Merit, in gold, of the Finnish Sports |
Heikki Vihtori Hasu (21. mars 1926–5. april 2025) var ein finsk langrenns- og kombinertløpar, bonde og politikar frå Sippola. Han vart olympiameister i kombinert i 1948 og verdsmeister to år seinare. I 1952 vann han OL-gull med Finlands lag i 4 x 10 kilometer stafett. Elles vann han OL-sølv i kombinert i 1952, og VM-sølv i stafett i 1950.
Hasu var gardbrukar i Sippola og seinare i Anjalankoski. På 1960-talet representerte han Bondepartiet/Centerpartiet i den finske nasjonalforsamlinga.
Skiidrett
[endre | endre wikiteksten]Hasu vann gullmedaljen i kombinert under OL 1948 i St. Moritz, med stor margin til landsmannen Martti Huhtala som fekk sølvet. Han braut dermed den norske sigerrekka i kombinert i olympiske leikar, beste nordmann kom fyrst på sjetteplass. Hasu kom også på fjerdeplass i 18 kilometer langrenn, tre svenskar forsynte seg med medaljane.
I 1949 vart Hasu nummer to i kombinertrennet i Holmenkollen, norske Per Sannerud vann. Under VM 1950 i Lake Placid gjekk Hasu atter til topps i kombinert, han var også med på det finske stafettlaget som tok sølv; Sverige tok gull, Noreg fekk bronse. Men i Holmenkollen kom han som året før på andreplassen, Simon Slåttvik syrgde for norsk siger. I Lahti i 1951 var rollene omsnudd, der vann Hasu føre Slåttvik.
Vinteren 1952 vann Hasu ein suveren siger i kombinert i Lahti-spelen og vart nummer to på 18-kilometeren. Hasu deltok så med bravur i OL 1952 i Oslo. Han kom på fjerdeplass på 18 km og tok sølv i kombinert, som året før vart Simon Slåttvik hans overmann i kombinerttevlinga. Til sist gjekk Hasu startetappen på stafetten, der Finland vann gull med klar margin. Etter olympiaden var han tildelt Holmenkollmedaljen.
Hasu vann i 1953 kombinertrennet i Lahti-spelen for femte og siste gong. Året etter avslutta han med å verte nummer ni i kombinert i ski-VM i Falun.
Politikk
[endre | endre wikiteksten]Hasu vart vald inn i nasjonalforsamlinga, Den finske riksdagen, i 1962 for Bondepartiet. Han hadde sete i riksdagen til 1966. Ved parlamentsvalet i 1966 tapte han plassen sin, men då det vart skrive ut nyval året etter, fekk han nye tre år (1967-70) i riksdagen for partiet som hadde endra namn til Centerpartiet.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Heikki Hasu» frå Wikipedia på tysk, den 1. mars 2013.
- Denne artikkelen bygger på «Heikki Hasu» frå Wikipedia på finsk, den 1. mars 2013.
- Einskildmenn
- Fødde i 1926
- Døde i 2025
- Finske kombinertløparar
- Finske langrennsløparar
- Finske politikarar
- Verdsmeistrar i kombinert
- Olympiske meistrar for Finland
- Olympiske sølvmedaljevinnarar for Finland
- Medaljevinnarar under vinter-OL 1948
- Finske deltakarar under vinter-OL 1948
- Kombinertløparar under vinter-OL 1948
- Langrennsløparar under vinter-OL 1948
- Medaljevinnarar under vinter-OL 1952
- Finske deltakarar under vinter-OL 1952
- Kombinertløparar under vinter-OL 1952
- Langrennsløparar under vinter-OL 1952
- Vinnarar av Holmenkollmedaljen
- Kongepokalvinnarar i skiidrett