Hopp til innhald

Augusta Abrahamsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Augusta Abrahamsen
PseudonymAugusta
NasjonalitetNorsk
StatsborgarskapNoreg
Fødd18. desember 1861
i Valle
Død

24. juli 1959 (97 år)

YrkeForfattar
Politisk partiAvholdspartiet
EktefelleLars Kristian Abrahamsen

Augusta Abrahamsen (fødd 18. desember 1861 i Valle, død 24. juli 1959)[1][2] var ein norsk forfattar, godtemplar og kvinnesakskvinne.

Jentenamnet hennar var Augusta Falkenberg og ho var dotter til prost Magnus Falkenberg og kona Bolette Margrethe, fødd Søeberg.[2] Familien flytte frå Valle til Flekkefjord då Augusta var to år gamal, og ho voks opp i den vesle kystbyen.[2] Seinare flytte dei til Larvik og ho tok der middelskuleeksamen i 1880.[3] I 1891 gifte ho seg med sakføraren Lars Kristian Abrahamsen.[2] Han vart politikar for Venstre og sat fleire periodar på Stortinget og var også statsråd. Begge var aktive i fråhaldsrørsla og ho var ein leiar i Larvik i arbeidet for stemmerett for kvinner.[4]

Augusta Abrahamsen byrja tidleg å skrive. Ho hadde stykke på prent i ulike blad og aviser, men ho skreiv då ikkje under fullt namn, berre Augusta.[2] Fyrste boka ho fekk gjeve ut kom på svensk i 1894, Storskrytaren och andra berättelser för barn. Det var ei samling forteljingar tidlegare prenta i ulike blad.[2] Den fyrste norske bokutgjevinga hennar kom i 1901 og heitte 8 barnefortællinger.

  • 1894 Storskrytaren och andra berättelser för barn Forteljingar for born
  • 1901 8 barnefortællinger Forteljingar for born
  • 1908 Radikalerens hustru ; Mammon ; Faderløs ; Henrik Forteljingar
  • 1912 Den lille tyske musikant : og andre barnefortællinger Forteljingar for barn
  • 1939 For lenge, lenge siden : fortellinger fra mors og bestemors tid Forteljingar i utval ved Idar Handagard

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. ««Gravminner i Norge»». DIS Norge. Henta 8. mars 2013.
  2. 1 2 3 4 5 6 Idar Handagard (1915). «Augusta Abrahamsen». Fem folkedigtere : John Dahl, Ole Sneve, Waldemar Ager, Augusta Abrahamsen, Mauritz Sterner. Trondheim: I.O.G.T.s Norske forlag. s. 107-120.
  3. Nanna With, red. (1920). «Abrahamsen, Augusta». Illustrert biografisk leksikon over kjendte norske mænd og kvinder («Folkeutgave» utg.). Kristiania: With & Co. Forlag. s. 22-23.
  4. Helene Langsether (5. juli 2008). ««Et skammelig krav»». forskning.no. Henta 8. mars 2013.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]