Auguste Bravais

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Auguste Bravais
Bravais2.gif
Auguste Bravais (ca 1850)
Fødd23. august 1811
Annonay
Død30. mars 1863 (51 år)
Le Chesnay
NasjonalitetFrankrike
Områdekrystallografi
Yrkefysikar, universitetslærar, krystallograf
InstitusjonarUniversité de Lyon
Alma materÉcole Polytechnique
Collège Stanislas de Paris
Kjend forBravais-gitter
MedlemSociété philomathique de Paris
Det franske vitskapsakademiet
Det bayerske vitskapsakademiet

Auguste Bravais (23. august 181130. mars 1863) var ein fransk fysikar og astronom.

Han var marineløytnant og professor i astronomi i Lyon og i fysikk ved École polytechnique i Paris. Han gjorde mange vitskaplege reiser, mellom anna i 1838–39 til Nord-Noreg og Svalbard. På denne reisa med korvetten «La Recherche» utførde han dei første målingane av strandlinja mellom Hammerfest og Alta, og påviste at høgda til strandlinjea over havet stig innover fjorden. Han gjorde viktige arbeid i krystalloptikk, og var den første som forklarte bygginga til krystalla ved å anta at molekyla er ordna i romgitter.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Auguste Bravais. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 13. februar 2014.