Aurdøla

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Aurdøla på vei nedetter lia mot Hedalen.
Foto: John Erling Blad

Aurdøla (Vassfarelva, Strøslielva) er den nedre delen av Vassfarelva før ho renn saman med Urula. Frå myrområda rundt Buvatn renn ho som Vassfarelva, via fleire mindre innsjøar til Strøen, som av nokre vert rekna som øvste innsjø i sjølve Vassfaret, før ho kastar seg utover Høgfoss som Strøslielva. Lokalt i Hedalen vert gjerne den gamle fløtingsdammen rekna som starten på Vassfaret. Lengre ned renn elva rolegare ned mot Suluvatn, øvre og nedre Grunntjern og Nevlingen. Mellom Nevlingen og Aurdalsfjorden renn ho innom Skrukkefylla. Frå Aurdalsfjorden, eller Ardaln som han heiter lokalt, skifter ho igjen namn og heiter no Aurdøla til ho renn saman med Urula i Hedalen. Urula renn vidare til Sperillen.

I delar av elveløpet dannar elva fylkesgrense mellom Oppland og Buskerud.

Spire Denne geografiartikkelen som har med Buskerud å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.