Hedalen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Hedalen er eit sidedalføre til Begnadalen.

Dalen ligg i Sør-Aurdal kommune i Innlandet, nordvest for Sperillen. Gjennom dalen renn Urula. Hedalen er også ei skogsbygd som utgjer eit eige sokn under Sør-Aurdal prestegjeld. Dalen dannar den nordaustlege avgrensninga for Vassfaret. Gjennom Hedalen går fylkesveg 243, som møter E 16 ved nordenden av Sperillen. Hedalen stavkyrkje ligg i dalføret.

Namnet er ikkje sikkert forklart, men høyrer kanskje saman med ordet hi, av norrønt hið.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«Hedalen» i Store norske leksikon, snl.no.