Avard Moncur

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Avard Moncur
Hamdan Al-Bishi, Avard Moncur, Alvin Harrison.jpg
Avard Moncur i blå drakt
Statsborgarskap Bahamas
Fødd 2. november 1978
Nassau på Bahamas
Idrett friidrett
Yrke sprinter

Avard Moncur (fødd 2. november 1979) er ein tidlegare friidrettsutøvar frå Bahamas som i 2001 vart verdsmeister på 400 meter. Saman med fleire ulike utøvarar frå Bahamas vann han i tida 2000-08 heile seks medaljar i 4 x 400 meter stafett i to ulike sommarleikar og fire verdsmeisterskap i friidrett.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Moncur gjorde sitt livs snøggaste 400-meterløp den 7. juli 2001 i Madrid, tida 44,45 sekundar var også bahamansk rekord. Sju veker seinare tok han gullmedaljen på distansen under verdsmeisterskapen i Edmonton, med eit finaleløp på 44,64 sekundar slo han sølvvinnar Ingo Schulz frå Tyskland med 0,23 sekund. Frå same meisterskapen enda i 2008 Moncur opp med gullmedalje også i 4 x 400 m stafett, då det opphavlege vinnarlaget frå USA vart diskvalifisert. Samstundes fekk han då også tildelt ein OL-bronse i 4 x 400 m stafett frå Sydney i 2000.

Frå 2003 vann Moncur heile fire medaljar med bahamanske stafettlag i 4 x 400 m. Etter bronse i VM 2003 vann han og lagkameratar VM-sølv på den lange stafetten i både 2005 og 2007. Også i 2008 tok Bahamas og Moncur ein internasjonal sølvmedalje, då under dei olympiske sommarleikane i Beijing.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • OL 2000 i Sydney: Bronse i 4 x 400 m stafett. Utslått i semifinalane (45,18 =nr 9)
  • VM 2001 i Edmonton: Gullmedaljar på 400 m – 44,64, og 4 x 400 m stafett
  • VM 2003 i Paris: Bronse i 4 x 400 m stafett. Utslått i semifinalane på 400 m (45,65 =nr 18)
  • VM 2005 i Helsinki: Sølv i 4 x 400 m stafett
  • VM 2007 i Osaka: Sølv i 4 x 400 m stafett. Nr 8 på 400 m – 45,40
  • OL 2008 i Beijing: Sølv i 4 x 400 m stafett (deltok einast i kvalifiseringa)
  • VM 2009 i Berlin: Diskvalifisert i 4 x 400 m stafett
  • VM 2011 i Daegu: Nr 9 i 4 x 400 m stafett

Kjelder[endre | endre wikiteksten]