Axel Heibergs land

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kart over øyane i arktisk Canada
Kart over Axel Heibergs land
Satellittbilete av Axel Heibergs land

Axel Heibergs land er ei av Elisabetøyane i Nunavut-territoriet i Canada. Ho ligg mellom 78° og 81° nordleg breidd, og 85° og 97° vestleg lengd. Øya har ei flatevidd på 43 178 km² og er den sjuande største øya i Canada. Ho er skilt frå Ellesmereøya av Nansensundet.

Øya er folketom.

Natur[endre | endre wikiteksten]

Isbrear dekker ein tredjedel av flatevidda. I Expedition Fiord ligg botnbreen White Glacier (Kvitbreen). Han fell frå 1782 moh til 56 moh, og er den botnbreen i verda med nest størst fall. Ein reknar med at han var på sitt største (lengst framskoten) i nyare tid ein gong mellom slutten av 18. hundreåret og byrjinga av det 20. hundreåret. 2211 m høge Outlook Peak er den høgste fjelltoppen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Øya er kjend for forsteina skogar frå eocen-perioden, 40-50 millionar sidan. Ho har vore busett av inuittar, men var folketom då den andre Fram-ekspedisjonen utforska området i 1900. Øya er oppkalla etter den norske bryggerieigaren Axel Heiberg, som var med å finansiere den nemnde ekspedisjonen. Norske interesser gjorde krav på Axel Heibergs land frå 1902 til 1930, då den norske staten lét kravet falle.

I 1960 oppretta forskarar frå McGill-universitetet ein forskingsstasjon inst i Expedition Fiord (tidlegare Sørfjorden). Stasjonen hadde på 1960-talet eit mannskap på 20, men vert i dag brukt berre til kortvarige feltarbeid.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]