Dronning Elizabeth-øyane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Elisabetøyane)
Dronning Elizabeth-øyane
øygruppe
Queen Elizabeth Islands 2009-08-27 (MODIS).jpg
Land Flag of Canada (Pantone).svg Canada

Elisabetøyane
80° N 93° W
Wikimedia Commons: Queen Elizabeth Islands
Elisabetøyane i Canada.
██ Nunavut██ Nordvestterritoria██ Quebec██ Grønland

Dronning Elizabeth-øyane (engelsk Queen Elizabeth Islands) er ei gruppe øyar aller lengst nord i Canada, mellom 74° og 83° N. Øygruppa er skilt frå Grønland av Naressundet, og frå dei kanadiske øyane Baffinøya i søraust av Lancastersundet og Kitlineq i sørvest av Melvillesundet. Øyane dekker ei total landvidd på 418 961 km². Dei fleste øyane i øygruppa høyrer til Nunavut-territoriet, dei vestlegaste til Nordvestterritoria (fleire av øyane er delt mellom dei to territoria).

Øygruppa består av mange store øyar, med Ellesmereøya som den største. Andre store øyar er Devonøya, Melvilleøya, Axel Heibergs land, Bathurstøya, Ellef Ringnes' øy, Amund Ringnes' øy og Patrickøya.

Klimaet er arktisk, vegetasjonen er tundra, på fleire av øyane ligg store isbrear. Dei fleste øyane er utan fast busetnad, største landsbyen er ResoluteCornwallisøya med vel 200 innbyggarar. Hovudnæring er oljeleiting og –boring.

Europearar vitja øyane fyrste gongen i 1616. Kartlegginga av øygruppa var ikkje fullført før tidleg på 1900-talet.

Øygruppa er oppkalla etter den britiske dronninga Elizabeth II. Ho vart krona til dronning av Canada i 1953. Før den tid kalla ein øygruppa for Parryarkipelet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]