Axinitt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Axinitt
Axinite-Oisan.jpg
Axinitt frå Frankrike
Generelt
KategoriSorosilikat
Kjemisk formel(Ca,Fe,Mn)3Al2BO3Si4O12OH eller Ca2(Fe,Mn)Al2BSi4O15(OH)
Strunz-klassifisering09.BD.20
Identifikasjon
Fargeraudaktig brun til gul til fargelaus. blå, fiolett, grå
KrystallformSøyleforma, kileforma krystallar
KrystallsystemTriklinsk
Kløyvgod på {100}
BrotMuslig
Mohs hardleiksskala6.0–7.5
Glansglasaktig
StrekfargeKvit
Spesifikk vekt3.18–3.37
Optiske eigenskapar
Optiske eigenskaparToaksa (-)
Brytingsindeksnα = 1.672–1.693
nβ = 1.677–1.701
nγ = 1.681–1.704
Dobbeltbrytingδ = 0.011
PleokroismeKraftig
Kjelder[1][2]

Axinitt er ei gruppe mineral med gul, raudleg, fiolett eller brunleg farge som ofte finst som kileforma krystall med triklin symmetri.

Axinitt-(Fe) (ferroaxinitt) er funne mange stader i Noreg, og er forholdsvis utbreidd i grønsteinar og nærskylde bergartar i Den kaledoniske fjellkjeda. Gode axinitt-(Fe)-krystall på opptil fleire centimeter er funne til dømes på Kongsberg, Løkken-Hølonda-området og Utne. Axinitt-(Fe) og axinitt-(Mn) finst i kontaktmetasomatisk form i hornfels i Oslofeltet. Axinitt-(Mn) er kjent frå Årvoll i Oslo og dessutan Arendalsområdet som gulgrøne krystall. Axinittane er komplekse borosilikat, Ca2(Fe,Mn,Mg)Al2BSi4O15(OH). Axinitt-(Mg) er så langt ikkje påvist i Noreg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Axinitt. (2009, 27. februar). I Store norske leksikon. Henta 13. februar 2014 frå http://snl.no/axinitt.
  1. Axinite. Mineral Galleries
  2. Axinite. Mindat

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]