Axis i ryggsøyla
Utsjånad
Axis, tappvirvelen og tidlegare epistropheus (C2, andre halsvirvel) er den andre halsvirvelen i ryggsøyla.[1] Ordet kjem frå latin axis som tydar «akse».
Den formar ein dreietapp som den fyrste halsvirvelen (atlas) kan rotera på.[1]
Det mest karakteristiske trekket ved knokkelen er det sterke utskotet (processus), dens axis, som oppstår perpendikulært frå den øvre overflata av kroppen. I nokre juridiske hengingar kan dens axis brekke og punktere den forlenga ryggmargen (medulla oblongata) og føre til død.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Axis (anatomy)» frå Wikipedia på engelsk, den 14. desember 2014.