Ayalongrotta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ayalongrotta
grotte
Land Flag of Israel.svg Israel
Distrikt Sentral
Lengd 2,5 km

Ayalongrotta
31°54′37″ N 34°55′39″ E
Israel location map.svg
Wikimedia Commons: Ayalon Cave

Ayalongrotta er ei stor kalksteinsgrotte nær Ramla i Israel der det vart oppdaga nye artar av krepsdyr i april 2006.[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Grotta er 100 meter djup og strekkjer seg nesten 2,5 km, noko som gjer ho til den nest lengste, kjende grotta i Israel. Grotta vart først oppdaga då ein smal opning synte seg i eit steinbrot nær Ramla. I følgje professor Amos Frumkin frå Hebraisk universitet, er grotta unik fordi eit tjukt lag med kalk har gjort ho ugjennomtrengeleg for vatn.

Forskarar har så langt oppdaga åtte nye artar, alle utan auge, inkludert fire krepsdyr.

Sidan grotta var fullstendig isolert frå verda utafor, oppstod det eit sjølvstendig og unikt økosystem, som ikkje var avhengig av sollys og fotosyntese eller organiske sambindingar som energikjelde: i staden vart energien henta frå kjemoautotrofe bakteriar, som lever på ein film på toppen av vatnet i grotta. Desse bakteriane produserer energi ved å oksidere sulfidsambindingar i vatnet, og utleier organiske sambindingar ved å bruke karbondioksid frå lufta. Desse sambindingar dannar grunnlaget for økosystemet i grotta.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. The hebraiske University Press release announcing the discovery

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]