Bäckaskogskvinna

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dei rekonstruerte leivningane etter Bäckaskogskvinna på Historiska museet i Stockholm plassert slik dei vart funne i grava

Bäckaskogskvinna eller Barumskvinna er den moderne nemninga på eit funn av beingrinda til ei kvinne frå eldre steinalder som vart gjort i 1939 under vegarbeid attmed Oppmannasjön to kilometer nord for Bäckaskogs kongsgard i nærleiken av Barum nordaust for Kristianstad i Skåne i Sør-Sverige. Ifylgje ei radiologisk tidfesting har ho levd ein eller annan gong i tida mellom 7010 og 6540 f.Kr.

Analyser av leivningane har synt at kvinna har vore 1,51 meter høg, spenstig, og at ho har fødd fleire born. Då ho døydde, var ho om lag 45 år gamal, men kva ho døydde av, er ukjent. Ho hadde nedslitne tenner, og har levd av kjøt, truleg òg fisk. Livsgrunnlaget i denne tida var jakt og sanking. Spor etter buplassar med reiskapar og matavfall syner at det har vore småsamfunn samansett av nokre familiar eller grupper. Det er truleg dei kan ha flytta mellom busetnader på ulike stader i løpet av året for å få størst sesongmessig utbytte av jakt og fiske, og av å sanke bær, frukt og anna som kunne etast av det som skog, elv og sjø hadde å by på.

Kvinna har vore jordfesta på seremonielt vis. Ho var plassert i sittande stilling i ei 1,2 meter djup grop i jorda, med beina oppdregne og hendene lagt framfor brystet. Restar i jorda tyder på at ho har vore sveipt i eit skinn, og pollenkorn som vart funne, fortel at jordfestinga gjekk føre seg då bjørka og hasselen hadde teke til å bløme på vårparten. Ho hadde fått med seg i grava eit godt spjut av små flintegger festa i ein elgknokkel, brukbart til jakt på både småvilt og storvilt. Dessutan hadde ho fått med seg ein reiskap av ein kløyvd knokkel av elg utforma med ei egg i eine enden, og som kan ha vore nytta til å grave i jorda med.

Grava med kvinneleivningane er rekonstruert i utstillinga i Statens historiska museum i Stockholm.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]