Bårsetbåten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Bårsetbåten er eit myrfunn av ein båt som var gjort i 1931 på Nordkvaløya i Karlsøy kommune i Troms. Funnet er frå siste halvdel av 800 talet. Utgravning vart utført av T. Soot-Ryen i 1934.

Nokre båtdelar kunne identifiserast. Men størstedelen var så morkne at det har vore vanskeleg å rekonstruere båten Det har vore ein del usemje om korleis han såg ut. Dei nedste bordgangane er klinka saman med jarnsaum, medan dei to øvste er sydde med tæger. Banda er festa til huda med surringsklampar i dei fire nedste bordgangane, og med trenaglar i dei to øvste. Båten har hatt innvendig esing langs ripbordet. Båten har hatt keipar og sideror.[1]

Analyse av trevirket syner at sannsynleg byggestad er Salten i Nordland tidleg på 700-talet.

Det har vore diskusjon om funnet var norrønt eller samisk.

I 1941 kom Gutorm Gjessing fram til at båten har hatt 8-9 rom, var 13,07 meter lang og 2,64 meter brei. Walter Meyer Pedersen meinte i 2002 at båten hadde hatt sju rom og ei totallengde på 10,08 meter.

I Kvalsundskipet er nedste bordgangane surra til banda og dei øvste klinka.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Jørn Olav Løset. «Skipstyper i vikingtiden». Henta 26 juni 2023. 

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Thomas Lund (2018). «En analyse av båtgraver fra jernalder i Nord-Norge» (PDF). - Masteroppgave i arkeologi (Universitetet i Tromsø): side 21.