Salten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dei ulike regionråda i Nordland.██ Salten regionråd
Kommunekart over Salten med tettstadar.

Salten, òg stundom kalla Salta, er ein region i midtre Nordland som grensar mot regionen Helgeland i sør, mot Ofoten i nord og mot Norrbottens län i aust. Regionen var tidlegare eit futedømme i fylket. Folk frå Salten blir kalla saltværingar og den lokale dialekten i området heiter saltværing. Kommunane som vert rekna inn i regionen ligg rundt fjordsystemet Saltfjorden, Saltstraumen, Svefjorden, Skjerstadfjorden og Saltdalsfjorden. Kommunane her er Steigen, Sørfold og Fauske i nord, Saltdal, Beiarn og Gildeskål i sør med Bodø i midten som òg omfattar den tidlegare Skjerstad kommune sør for Skjerstadfjorden. I 2006 var folketalet om lag 67 000.

Salta (norrønt salpti, salfti) var det tidlegare namnet på regionen og kan komme frå namnet på fjordsystemet. Som regionnamn er den gamle nominativ- og akkusativforma Salta og den gamle dativforma er Salten. Ved oppløysinga av kasussystemet fram mot 1900-talet har den gamle dativforma Salten vorte ståande som den mest brukte forma, og forma Salta har i løpet av 1900-talet stort sett falle ut av bruk.

Landskapstypane i Salten varierer sterkt frå vest med fiskevær og kystbygder i Steigen t.d., til Saltdal og Beiarn i aust som representerer innlandsbygdene i Nordland. Her er område som har hatt tradisjonell reindriftsverksemdSaltfjellet, i Beiarn og Gildeskål og her finst mest urørt natur i Rago nasjonalpark. Rago er ein naturleg fortsetjing av nasjonalparkane Padjelanta, Sarek og Stora Sjöfallet på svensk side av riksgrensa. Junkerdal nasjonalpark ligg innanfor Saltdal og Fauske, medan berre delar av Saltfjellet-Svartisen nasjonalpark høyrer til Salten.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]