Bøverbru

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bøverbru
tettstad
Land  Noreg
Fylke Innlandet
Kommune Vestre Toten
Areal 0,66 km²
Folketal 769 (2017)
Folketettleik 1 165 / km²
Postnummer 2846 BØVERBRU
Kart
Bøverbru
60°39′56″ N 10°40′40″ E
Wikimedia Commons: Bøverbru

Bøverbru er ein tettstad i Vestre Toten kommune i Innlandet fylke. Staden har 769 innbyggjarar per 1. januar 2017.

Nemninga «Bøfr-Broen» på ei bru over elva Bøvra finst i tinglyste dokument frå 1700-talet. Men tettstaden voks først opp rundt Bøverbru stasjon på Skreiabanen, som opna i 1902. Dette året blei òg Bøverbru teke i bruk som postadresse.

I første del av hundreåret var steinbrot og kalkbrenning grunnlag for vekst på Bøverbru. I dag er Toten Kjøtt AS og kjøken- og baderomsinnreingsverksemda Corinor dei viktigaste verksemdene i området.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]