Skreiabanen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Skreiabanen
Kraby railway station.jpg
Kraby stasjon
Info
Land Flag of Norway.svg Noreg
Type Sidebane
Status Nedlagt
Utgangsstasjon Reinsvoll
Endestasjon Skreia
Tal på stasjonar 12 stk
Drift
Opna 26. november 1902
Nedlagt 1963 (passasjertrafikk)
1987 (godstrafikk)
Eigar Norges Statsbaner
Operatør(ar) Norges Statsbaner
Type trafikk Passasjerar og gods
Teknisk
Sporvidde 1 435 (normalspor)
Lengde 21,97 km

Skreiabanen gjekk ifrå Reinsvoll til Skreia og var ein sidebane til Gjøvikbanen. Banen opna 26. november 1902. Opphavleg var ideen at Gjøvikbanen skulle følge delar av Skreiabanens trasé, men dette vart endra grunna sterke industriinteresser på Raufoss og i Hunndalen. Passasjertrafikken vart lagt ned i 1963, men godstrafikken heldt fram til 1987. På midten av 1990-talet vart skjenegangen fjerna og gjort om til gang- og sykkelveg med unnatak av strekninga frå Reinsvoll til Bøverbru kalkverk, som er behalde til eventuell framtidig bruk.

Samtlege ekspedisjonsbygningar, godshus og uthus er teikna av Gjøvikbanens arkitekt Paul Due. Det same er òg lokstall og vognremisse på Skreia. Due har veksla mellom ulike stilartar, slik at bygningsmassen på Skreiabanen framstår som særs variert, men med høg arkitektonisk kvalitet. F.eks. er Lena og Kraby i typisk jugendstil, medan Skreia stasjon ikkje er bordtekt og har meir preg av drakestil.

Linjekart[endre | endre wikiteksten]

Teiknforklaring
BSicon LSTR.svg Gjøvikbanen frå Raufoss
BSicon HST.svg 106,65 km Reinsvoll (1901) 356,1 moh.
BSicon dLSTRq.svgBSicon xABZrf.svgBSicon d.svg til Eina
BSicon exHST.svg Flaten (1929)
BSicon exBHF.svg 110,58 km Bøverbru (1902)
BSicon exHST.svg Narum (1929)
BSicon exBHF.svg 115,72 km Kolbu (1902)
BSicon exHST.svg Schjøll (1929)
BSicon exABZlf.svg sidespor til Lena meieri
BSicon exBHF.svg 120,69 km Lena (1902)
BSicon exHST.svg 122,77 km Kraby (1902)
BSicon exHST.svg Smeby (1929)
BSicon exHST.svg 125,58 km Bilitt (1902)
BSicon exHST.svg 127,11 km Vennevoll (1932)
BSicon exKBHFe.svg 128,62 km Skreia (1902) 160,7 moh.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Bjerke, Thor og Holom, Finn m.fl (2004) Banedata 2004, s. 151 – Norsk Jernbanemuseum & Norsk Jernbaneklubb, Oslo / Hamar. ISBN 82-90286-28-7.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!