Hopp til innhald

Bharatiya Janata-partiet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå BJP)
Bharatiya Janata-partiet


LandIndia
Partileiar(ar)Jagat Prakash Nadda[1]
GrunnleggjararAtal Bihari Vajpayee[2]
Grunnlagt1980
HovudkvarterNew Delhi[3]
Medlemstal180 000 000 (2019)[4]
Ideologikulturell nasjonalisme, hinduistisk nasjonalisme, Hindutva, Integral humanism, konservatisme, høgrepopulisme Sjå dette på Wikidata
Politisk posisjonhøgresida[5]

Bharatiya Janata-partiet (engelsk Bharatiya Janata Party, BJP, 'Indias folkeparti') er eit politisk parti i India. Det blei stifta i 1980 og blei i løpet av 1990-åra blitt det andre store nasjonale partiet i indisk politikk, ved sidan av Kongresspartiet. Partiet er knytt til høgresida og hindutva, «hindunasjonalisme».[6] Partisymbolet er ein lotusblom.[7]

BJP blei grunnlagd i 1980 som ein etterfølgjar til Bharatiya Jana Sangh. Det voks kraftig, og blei det nest største partiet ved valet i 1991. Ved valet til Lok Sabha i 1996 gjekk BJP sterkt fram og blei det største partiet i underhuset, utan å få fleirtal åleine. Partiet danna regjering under Atal Bihari Vajpayee, men klarte ikkje å mønstra fleirtal og måtte gå av etter tretten dagar. Etter nyval i 1998 danna Vajpayee på nytt regjering i ein koalisjon kalla National Democratic Alliance. Denne tapte fleirtal i 1999, men kom styrkt tilbake etter nyval og blei sitjande heile valperioden ut, til 2004. Partiet har deretter vore i opposisjon på riksplan.

BJP under Vajpayee førte ein liberal økonomisk politikk og landet som heilskap opplevde sterk økonomisk vekst. India utførte atomprøvesprengingane Pokhran-II i 1998, men betra seinare det spente tilhøvet til Pakistan. Partiet var likevel knytt til indre strid mellom religiøse grupper som blussa opp på 1990-talet med Ayodhya-konflikten og såg fleire dødelege opptøyar. Narendra Modi, som var øvsteminister for delstaten Gujarat under opptøyane der i 2002, blei vald som statsministerkandidat for partiet ved valet i 2014.[8]

  1. https://zeenews.india.com/india/jagat-prakash-nadda-bjps-new-national-president-rises-through-the-ranks-faces-several-challenges-2258301.html.
  2. https://www.aljazeera.com/news/2019/05/india-bjp-190523053850803.html; vitjingsdato: 5. juli 2020.
  3. «BJP moves to new headquarters». The Hindu. Henta 22. februar 2018. 
  4. «With 8.8 crore members, BJP claims to be world's largest party». Henta 22. februar 2018. 
  5. «Narendra Modi made his move.». Henta 9. april 2021. 
  6. Arild Engelsen Ruud: Hindunasjonalismen Arkivert 2014-05-12 ved Wayback Machine., PACEM, bd. 7, nr. 2, 2004, s. 143-149.
  7. Political Parties And Election Symbols, 2007, Election Commission of India, s. 16 og 87.
  8. «Indians vote on key election day», BBC News (7 April 2014)
  • Kristiansen, Knut & Filseth, Gunnar. Indias samtidshistorie (30. desember 2013), Store norske leksikon. Henta 11. mai 2014.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]