Babajevo
Utsjånad
| Babajevo | |||
| Бабаево | |||
| by | |||
|
|||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Føderasjonssubjekt | Vologda oblast | ||
| Areal | 14,5 km² | ||
| Folketal | 11 646 (2023) | ||
| Grunnlagd | 1400-talet | ||
| • Bystatus | 1925 | ||
| Retningsnummer | +7 81743 | ||
| Bilnummer | 35 | ||
![]() Babajevo 59°23′00″N 35°57′00″E / 59.383333333333°N 35.95°E | |||
| Wikimedia Commons: Babayevo | |||
Babajevo (russisk Баба́ево) er ein by i Vologda oblast i Russland med om lag 12 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Kolp, ei sideelv til Suda, 246 km vest for Vologda.
Ifølgje segna vart landsbyen Babajevo grunnlagd i 1460 av ein bonde ved namn Babaj (derfor namnet på byen). I 1882 vart ein metallurgisk fabrikk, som produserte telegrafleidningar, spiker og krokar, bygd her. Busetnaden fekk bystatus i 1925.
Det er to meieri, ein elektroteknisk fabrikk og ein møbelfabrikk i byen, som ligg ved jernbanelinja mellom Vologda og Sankt Petersburg.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Delar av denne artikkelen bygger på «Babajevo» frå Wikipedia på bokmål, den 29. januar 2009.
