Hopp til innhald

Belozersk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Belozersk
Белозерск
by
Våpenskjold
Land  Russland
Føderasjonssubjekt Vologda oblast
Folketal 8 183 (2023)[1]
Først nemnd i 862
Retningsnummer +7 81756
Bilnummer 35
Kart
Belozersk
60°02′00″N 37°47′00″E / 60.033333333333°N 37.783333333333°E / 60.033333333333; 37.783333333333
Wikimedia Commons: Belozersk

Belozersk (russisk Белозе́рск)[a] er ein by i Vologda oblast i Russland med om lag 8 000 innbyggjarar. Han ligg på sørbreidda av Belojesjøen, som han er kalla opp etter.

Katedralen i Belozersk i 1909.

Belozersk er første gong nemnt i skriftlege kjelder i 862 og var ein av dei fem opphavlege russiske byane (dei andre er Ladoga, Novgorod, Polotsk og Rostov). Busetnaden har ved fleire høve vorte flytta frå ei breidde ved innsjøen til ein annan.

På 1000-talet var regionen framleis hovudsakleg folkesett av finsk-ugriske stammer som sterkt motsette seg forsøk på kristning. I 1071 reiste dei lokale heidenske prestane seg i eit opprør, som vart slått ned av den kievske kommandanten Jan Vysjatitsj. Nestorkrøniken fortel at dei døde kroppane til prestane vart hengd frå eit eiketre, til dei vart rive i stykker av ein bjørn, som av stammefolka vart sett på som eit heilag dyr.

Beloozero var hovudstad i et lite fyrstedøme mellom 1238 og 1370. Mellomaldermonumenta i byen omfattar Maria himmelfarts kyrkje (1552) og Frelsarkatedralen (1668). Trekapellet St. Elijah vart bygd i 1690. Området er rikt på gamle kloster, slik som Kirillo-Belozerskij-klosteret og Ferapontovklosteret.

  1. Kjend som Beloozero (russisk: Белоо́зеро) fram til 1777.
  1. Численность постоянного населения Российской Федерации по муниципальным образованиям на 1 января 2023 года (på russisk), Rosstat, 31. juli 2023, Wikidata Q126719912

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Belozersk