Hopp til innhald

Tsjerepovets

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tsjerepovets
Череповец
by
Flyfoto av Tsjerepovets.
Flagg
Våpenskjold
Land  Russland
Føderasjonssubjekt Vologda oblast
Høgd 130 m
Areal 120,9 km²
Folketal 298 160 (1. januar 2025)
Grunnlagd 1777
   Bystatus 1777
Postnummer 162600–162627
Retningsnummer (+7) 8202
Kart
Tsjerepovets
59°08′00″N 37°55′00″E / 59.133333333333°N 37.916666666667°E / 59.133333333333; 37.916666666667
Wikimedia Commons: Cherepovets

Tsjerepovets (russisk Черепове́ц) er den største byen i Vologda oblast i Russland. Han ligg ved breidda av Rybinsk-reservoaret i Volga, nær det sørlege endepunktet på Volga-Austersjø-kanalen. Byen har om lag 300 000 innbyggjarar.

Rundt 1360 vart det oppretta eit kloster i åsane ved elva Sjeksna og landsbyen Fedosjevo voks fram rundt det. Historikarar ser denne landsbyen som hjartet i dagens Tsjerepovets. Byen fekk offisiell bystatus i 1777 etter ordre frå Katarina den store. Ved bygginga av Mariinskkanal-systemet vart Tsjerepovets, som ligg ved Volga, knytt til Austersjøen. Under den andre verdskrigen vart fleire store fangeleirar oppretta i området og rundt 30 000 menneske døydde i desse leirane.

Tsjerepovets er den viktigaste industribyen i regionen. Her er mellom anna jernverk, stålfabrikkar (til dømes Severstal), store skipsverft og kjemiske bedrifter. Kolbehovet til metallindustrien i byen vert dekt av gruver i Vorkuta og jernmalmen kjem frå gruver på Kolahalvøya. I tillegg er det sagbruk i byen, som handsamar tømmer frå skogane rundt byen. Byen vert betjent av Tsjerepovets lufthamn, som ligg 18 km nord for byen.

I Tsjerepovets ligg eit statleg universitet.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Tsjerepovets