Badehus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Badehus på Bygdøy.

Badehus er bygningar ein kan bada eller vaska seg i, førebu seg til bad eller bada frå. Det kan vera offentlege bad, bygningar knytt til kurbad eller spa, eller private bygningar einskilde familiar eller grupper kan bruka ved bading.

I historia har særleg romerske og tyrkiske bad vore kjende typar badehus. I Norden var badstove utbreidd frå gammalt av. Då ein i moderne tid fekk opp auga for hygiene og sjøbad, blei det bygd ei rekkje badehus for folk frå ulike samfunnsklassar.

Frå Liverpool wash house i Frederick Street.

Ein type badehus er det offentlege badehuset, der alle har tilgang til å vaska seg. Dette var viktig for folkehygienen i ei tid då folk flest ikkje hadde baderom heime. I England blei det opna fleire offentlege badehus, eller wash-houses, på 1800-talet. Det første moderne offentlege badet i England opna i Liverpool i 1829, og det første badet med varmt vatn opna i 1842.[1] Eit døme frå Noreg er Aure badehus. Det verka som folkebad og badstove frå 1908 til 1972, då det blei avløyst av ein ny symjehall.[2]

«Badet» i Drøbak.

Andre badehus kunne byggjast nær vatn eller sjø for å letta badinga. The Bathing House ved Howick i Northumberland i England blei bygd tidleg på 1800-talet for familien til den 2. earl Grey, slik at barna kunne bada og mora kunne sjå dei oppe frå huset.[3] Det første badehuset i Farsund blei opphavleg bygd ved Svinehagen i siste halvdel av 1800-talet, og på Naudodden i 1890. Opphavleg var badehuset berre opent for inviterte medlemmer og blei hovudsakleg brukt av funksjonærar og forretningsmenn,[4] men i dag er Farsund Badehus kommunalt.[5]

Forseggjort badehus i Marstal i Danmark.

Mindre badehus kan vera strandhytter eller buer ved ei strand der ein kan oppbevara utstyr, bytta klede, eta mat og eventuelt vera i ly for vêret.[6] Slike badehus kan bli kjennemerke på ein stad, som Den hvide badeby ved Løkken i Vendsyssel i Danmark.[7]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Ashpitel, Arthur (1851), Observations on baths and wash-houses, s. 2–14, JSTOR 60239734, OCLC 501833155 
  2. «Aure badehus», Kulturminneatlas.no [daud lenkje]
  3. The Bathing House, Northumbria Byways 
  4. Historie, Farsund Badehus 
  5. Om badehuset, Farsund Badehus 
  6. Anna Klitgaard (15. juli 2008), «Badehusene i Løkken står tomme», Kristeligt Dagblad 
  7. Lene Koogi, Sådan er det med de hvide badehuse i Løkken