Ballblombukk
Ballblombukk | |
Ballblombukk | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Leddyr Arthropoda |
Underrekkje: | Seksfotingar Hexapoda |
Klasse: | Insekt Insecta |
Orden: | Biller Coleoptera |
Familie: | Trebukkar Cerambycidae |
Slekt: | Brachyta |
Art: | Ballblombukk B. interrogationis |
Vitskapleg namn | |
Brachyta interrogationis |
Ballblombukken er ei bille i trebukkfamilien. Han er utbreidd over heile Eurasia frå Mellom-Europa til Japan. Han førekjem òg i Noreg, der han kan vera lokalt vanleg frå Hedmark til Finnmark. Utbreiinga hans er ganske austleg her i landet.
Levesett
[endre | endre wikiteksten]Ballblombukken har fått namnet sitt fordi han er mest karakteristisk når ein finn han på blomane til ballblom. Arten vitjar òg mange andre slags blomar. Vertsplanten er tilmed ein urtevekst; han går hovudsakleg på skogstorkenebb (Geranium sylvaticum). Dei vaksne billene legg egga sine ved rota til planten, og larvane gneg på røter og rhizom; først innanifrå og seinare frå utsida. Det er òg kjend at han har gått på furu og bjørk.
Forpuppinga skjer i jorda. Det er registrert store geografiske skilnadar i tidspunkt for forpupping og klekking i dei ulike delane av utbreiingsområdet.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Kvamme, Torstein: FORSIDEDYRET (Evodinus interrogationis) i Insekt-Nytt #1 1982
- Norges Biller
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- (no) Ballblombukk hos Artsdatabanken
- (en) Ballblombukk i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) Ballblombukk hos Dyntaxa
- (en) Ballblombukk hos Fauna Europaea
- (en) Ballblombukk hos NCBI
- (en) Kategori:Brachyta interrogationis – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- (en) Brachyta interrogationis – galleri av bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Brachyta interrogationis – detaljert informasjon på Wikispecies