Hopp til innhald

Bama i Nigeria

Bama
Land  Nigeria
Stat Borno
Areal 4 997 km²
Folketal 269 986 (folketeljing 2006)
Tidssone WAT (UTC+1)
Kart
Bama i Nigeria
11°31′08″N 13°41′03″E / 11.5189°N 13.6842°E / 11.5189; 13.6842

Bama er ein by og eit Local Government Area i Borno-staten nordaust i Nigeria. Området har rundt 270 000 innbyggjarar (2006) og dekkjer eit området på 4 997 km². Det ligg rundt 6 mil frå delstatshovudstaden Maiduguri.[1]

Bama tilhøyrde tradisjonelt Dikwa-emiratet, ein tradisjonell stat i Nigeria.[2] Shehuen eller emiren i emiratet hadde sete i Bama frå 1939.[3] Frå 2010 blei emiratet delt i to, det nye Dikwa-emiratet og Bama-emiratet. Bama blei sete for emiren i det sistnemnde.

Byen kom under åtak frå den militante islamistgruppa Boko Haram i mai 2013 og i februar 2014, då fleire døydde og emirpalasset blei brend ned.[4][5][6] Vegane blei stengde av militæret, og innbyggjarar måtte flykta gjennom villmark for å nå Dikwa eller Maiduguri.[7] 2. september 2014 blei det rapportert at Boko Haram hadde teke kontroll over Bama, og både sivile og militære hadde flykta.[8] Sjølv om hæren melde dei hadde teke Bama tilbake den 8. september,[9] fortalde mange lokale at militantane framleis hadde makta. I november 2014 var dei sivile som ikkje hadde kunna flykta frå byen framleis fanga av konflikten. [10]

  1. ↑ «Africa - Suspected Islamist rebels raid northeast Nigerian town». France 24. 2014-02-19. Henta 2014-06-28.
  2. ↑ Nigeria (2000). Nigeria: a people united, a future assured. Vol. 2, State Surveys (Millennium utg.). Abuja, Nigeria: Federal Ministry of Information. s. 106. ISBN 9780104089.
  3. ↑ «Historical Development:», onlinenigeria.com
  4. ↑ «Nigeria Boko Haram crisis: Emir's palace burnt in Bama», BBC News, 20 February 2014 {{citation}}: Cite has empty unknown parameter: |1= (hjelp)
  5. ↑ Ross, Will (2013-05-07). «Nigeria: 'Many dead in Boko Haram raid' in Borno state». BBC News. Henta 2014-06-28.
  6. ↑ Ross, Will (2014-02-19). «Nigeria's Boko Haram crisis: Bama attack mars victory claims». BBC News. Henta 2014-06-28.
  7. ↑ Ola' Audu. «Boko Haram sacks residents of Bama, Gwoza in Borno». Premium Times. Henta 2014-06-28.
  8. ↑ Nigeria's Boko Haram 'seize' Bama town in Borno, BBC.co.uk.
  9. ↑ «Nigeria Retakes Bama, Impedes Boko Haram», Voice of America, 8. september 2014
  10. ↑ Yahaya Ibrahim (22. november 2014), «Nigeria: Bama Siege - 82 Days After, Trapped Residents Face Starvation», allAfria, henta 2014-12-08

11°31′08″N 13°41′03″E / 11.51889°N 13.68417°E / 11.51889; 13.68417