Barbara Orbison

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Barbara Orbison
Fødd 10. januar 1950
Bielefeld
Død

6. desember 2011
Los Angeles

Yrke musikkprodusent, musikkforlegger, komponist

Barbara Orbison (10. januar 19506. desember 2011) var ein tyskfødd entreprenør, plateprodusent og enkja til den amerikanske musikaren Roy Orbison.

Då ho var 18 år gammal møtte ho Orbison i England. Dei gifta seg 25. mars 1969 i Hendersonville i Tennessee.[1] I 1980-åra styrte ho karrieren til ektemannen og var leiande produsent for albumet In Dreams: The Greatest Hits i 1987, og for den kritikarroste fjernsynsskonserten som gjekk på lufta i januar 1988 og vart kalla Roy Orbison and Friends, A Black and White Night. Etter at ektemannen døydde den 6. desember 1989 tok ho over føretaket deira og byrja å marknadsføre musikken hans for yngre generasjonar. Saman med venen og artisten Jeff Lynne sette ho saman albumet King of Hearts i 1992. Ho var òg medprodusent for musikalen Only the Lonely: The Roy Orbison Story.[2]

I 2011 produserte ho Damien Leith-albumet Roy: A Tribute To Roy Orbison, som skulle lanserast på 75-årsdagen for Roy Orbisons fødsel.[3]

Barbara Orbison låg på sjukehus frå mai 2011 til ho døydde den 6. desember 2011 av bukspyttkjertelkreft, på dagen 23 år etter ektemannens død. Ho vart gravlagd ved sidan av ektemannen i Westwood Village Memorial Park Cemetery i Los Angeles. Ekteparet hadde sønene Roy Kelton Orbison (f. 1970) og Alexander Orbison (f. 1974) i lag.[4][5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]