Barringtonia asiatica

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Barringtonia asiatica
Barringtonia asiatica
Barringtonia asiatica
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Rike: Plante Plantae
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Orden: Lyngordenen Ericales
Familie: Lecythidaceae
Underfamilie: Planchonioideae
Slekt: Barringtonia
Art: B. asiatica
Vitskapleg namn
Barringtonia asiatica

Barringtonia asiatica er ein art i planteslekta Barringtonia som veks i tropiske mangrovehabitat ved kystar og øyar i Indiahavet og det vestlege Stillehavet frå Zanzibar og aust til Taiwan, Filippinane, Fiji, Ny-Caledonia, Solomonøyane, Tuvalu, Cookøyane, Wallis og Futuna og Fransk Polynesia.[1][2]

Det er også kjend som box fruit,[3] fish poison tree,[1][2] og sea poison tree[1] på engelsk og under lokale namn som filippinsk botong og bitoón,[4][5] indonesisk butun og keben malayisk putat og pertun,[1] malayalam nirppazha ('vassfrukt'), tamil samudrapazham ('sjøfrukt')[6] og polynesisk futu, hutu eller avleiingar,[7] noko som er opphavet til namnet på øya Futuna.[8]

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Barringtonia asiatica-tre.

Treet er lite til middels stort, med høgder på mellom 7 og 25 meter. Blada er smale og omvendt eggforma med ei lengd på 20–40 cm og ein breidd på 10–20 cm.

Blome

Treet har store, rosa-kvite, duskforma blomar. Dei har ei sterkt søt lukt som lokkar til seg pollinerande møllar og flaggermyser om natta.

Umogen frukt (omlag så stor som ein knyttneve)

Frukta er kjenneteikna av relativt skarpe kantar som gjer ho nokså firkanta og boksaktig i eine enden. Den andre enden som er festa til treet er meir runda. Frukta har ein diameter på 9–11 cm. Eit tjukt, svampaktig og fiberrikt lag dekkjer eit frø med ein diameter på 4–5 cm.[1][9]

Spreiing[endre | endre wikiteksten]

Frukta blir spreidd på same måte som kokosnøtt, av havstraumar. Ho har svært god flyteevne og er motstandsdyktig mot vatn.[10] Frukta kan overleva i havet i opptil femten år.[3] Planten var ein av dei første til å etablera seg på Anak Krakatau då øya oppstod etter Krakatau-utbrotet.[1] Frøet spirer etter at frukta blir skylt på land og gjennombløytt av regn.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Alle delane av treet er giftige. Det inneheld mellom anna saponinar. Fruktene er giftige nok til å kunna brukast som fiskegift. Pulver laga av frøa har blitt brukt til å lamma eller drepa fisk,[1] til dømes ved å kvela han medan fiskekjøtet blir verande etande.[11]

Botanisk illustrasjon frå Flora de Filipinas

Barringtonia asiatica er utbreidd i malaysiske mangrovar og våtmarksområde som Kuching og Bako nasjonalpark. Treet blir dyrka langs gater som skugge- og prydtre i nokre delar av India, særleg på søraustkysten.

Taksonomi[endre | endre wikiteksten]

Typen for arten blei sanka av botanikaren Pehr Osbeck på ein sandstrand på Java. Han blei seinare skildra og gjeven sitt opphavlege vitskaplege namn, Mammea asiatica, av Carl von Linné i Species Plantarum i 1753.[12]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 Ria Tan (2001). «Sea Poison Tree». Mangrove and wetland wildlife at Sungei Buloh Nature Park. Singapore. Arkivert frå originalen 2. desember 2011. Henta 23. august 2016. 
  2. 2,0 2,1 GRIN (1. oktober 2010). «Barringtonia asiatica information from NPGS/GRIN». Taxonomy for Plants. National Germplasm Resources Laboratory, Beltsville, Maryland: USDA, ARS, National Genetic Resources Program. Henta November 1, 2011. 
  3. 3,0 3,1 Thiel, M. & Gutow, L. (2004). «The ecology of rafting in the marine environment. I.» (PDF). Oceanography and Marine Biology: An Annual Review 42: 181–263. doi:10.1201/9780203507810.ch6. Arkivert frå originalen (PDF) 2011-07-24.  Accessed 2009-05-31.
  4. Census of the Philippine Islands: Taken Under the Direction of the Philippine Commission in the Year 1903, in Four Volumes ... (på engelsk). U.S. Government Printing Office. 1905-01-01. 
  5. «Botong, Barringtonia asiatica, FISH POISON TREE, Bin yu rui: Philippine Medicinal Herbs / Alternative Medicine». www.stuartxchange.org. Henta 2017-03-09. 
  6. , http://www.nizhaltn.org/images/nizhal_tree_lists.pdf 
  7. «Entries for FUTU [AN] Fish-poison tree (Barringtonia asiatica) | Polynesian Lexicon Project Online, entry *futu». pollex.org.nz. Henta 2015-06-06. 
  8. Smith, S. Percy. «Futuna, or Horne Island, and Its People». The Journal of the Polynesian Society, Vol. 1, No. 1, s. 33 – 52. 1892
  9. Flora of China: Barringtonia asiatica
  10. Tsou, C-H.; Mori, S.A. (2002), «Seed coat anatomy and its relationship to seed dispersal in subfamily Lecythidoideae of the Lecythidaceae (The Brazil Nut Family)», Botanical Bulletin of Academia Sinica 43, 37-56, http://ejournal.sinica.edu.tw/bbas/content/2002/1/bot431-05.pdf, henta 2009-05-31 
  11. Thaman, R.R. (1992), «Receptors Batiri kei Baravi: The ethnobotany of the Pacific island coastal plants», Atoll Research Bulletin 361 (1-62. May), http://www.botany.hawaii.edu/faculty/duffy/arb/355-364/361.pdf, henta 2009-05-31 
  12.  Mammea asiatica L. (the basionym to Barringtonia asiatica) was originally described and published in Species Plantarum 1: 512–513. 1753. «Name - Mammea asiatica L.». Tropicos. Saint Louis, Missouri: Missouri Botanical Garden. Henta 1. november 2011.