Barry White

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Barry White
Barry White, Bestanddeelnr 927-0099.jpg
Barry White i Grand Gala du Disque Populaire i 1974.
Verkeleg namn Barry Eugene Carter
Fødd 12. september 1944(1944-09-12)
Galveston i Texas i USA
Død

4. juli 2003 (58 år)
Los Angeles i California i USA

Instrument

Piano, cembalo, klaverinstrument, vokal, trommer, blokkfløyte

Sjanger R&B, soul, funk, disco
Aktive år 1960–2003
Yrke Songar-låtskrivar, plateprodusent, arrangør, musikar
Tilknytte artistar Love Unlimited, The Love Unlimited Orchestra, Gene Page, Danny Pearson, Gloria Scott, Lisa Stansfield
Plateselskap 20th Century, Unlimited Gull, Casablanca, Mercury, Private Music/BMG, A&M, Eagle
Nettstad www.barrywhite.com

Barry White (fødd 12. september 1944 som Barry Eugene Carter, daud 4. juli 2003) var ein USA-amerikansk songar og låtskrivar.

Han var kjend for den særeigne bass-baryton-røysta og det romantiske imaget og vann tre Grammy-prisar gjennom karrieren. Størst suksess hadde White i 1970-åra som soloartist og med Love Unlimited Orchestra, der han spelte inn fleire soul-, funk- og disco-låtar som dei to største hittane hans, «You're the First, the Last, My Everything» og «Can't Get Enough of Your Love, Babe».

I løpet av karrieren sin fekk White i alt 106 gullplate verda over, 41 av desse med status som platina. I tillegg hadde han 20 gull- og 10 platinasinglar, og totalt selde han over 100 millionar plater verda over, og er ein av dei mestseljande artistane gjennom tidene.[1]

White var overvektig det meste av livet og sleit med helseproblem knytt til vekta si. Han døydde i 4. juli 2003 av nyresvikt som følgje av diabetes og høgt blodtrykk. Han vart posthumt innlemma i Dance Music Hall of Fame.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Barry White
Spire Denne biografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.