Love Unlimited

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
«Love Unlimited»
Singel av Sofi Marinova
Land Bulgaria
Språk Bulgarsk, arabisk, aserbajdsjansk, engelsk, fransk, gresk, italiensk, romanés, serbokroatisk, spansk og tyrkisk
Utgjeve 2012
Låtskrivar(ar) Doni Vasileva
«Love Unlimited»
Софи Маринова.JPG
Eurovision Song Contest 2012
Land Bulgaria
Artist(ar) Sofi Marinova
Språk Bulgarsk, arabisk, aserbajdsjansk, engelsk, fransk, gresk, italiensk, romanés, serbokroatisk, spansk og tyrkisk
Komponist(ar) Yasen Kozev og Krum Georgiev
Låtskrivar(ar) Doni Vasileva
Resultat
Semifinalepoeng 45
Semifinaleplass 11
Finalepoeng X
Finaleplass X
Bulgaria i Eurovision Song Contest
«Na inat»
(2011)
«Love Unlimited» «Samo shampioni»
(2012)

«Love Unlimited» var det bulgarske bidraget i Eurovision Song Contest 2012 i Baku i Aserbajdsjan, framførd på bulgarsk, arabisk, aserbajdsjansk, engelsk, fransk, gresk, italiensk, romanés, serbokroatisk, spansk og tyrkisk av Sofi Marinova.

Teksten[endre | endre wikiteksten]

Teksten er skriven av Doni Vasileva som kom opp med ideen om å nytte orda «eg elskar deg» på fleire språk. Versa er skriven på bulgarsk, men refrenga og avsluttinga inneheld setninga «eg elskar deg» på ti ulike språk:

  1. «Seviyorum seni» (tyrkisk)
  2. «S'agapáo polí» (gresk)
  3. «Yo te quiero a ti» (spansk)
  4. «Volim te» (serbokroatisk)
  5. «Teb obicham» (bulgarsk)
  6. «But dehaftu mange» (romanés)
  7. «Voglio bene a te» (italiensk)
  8. «Mən səni sevirəm» (aserbajdsjansk)
  9. «Je t'aime» (fransk)
  10. «I love you so much» (engelske ord på slutten av songen)

Det er òg to andre setningar i refrenget som ikkje er på bulgarsk: «ya habibi» som tydar «min elskade» på arabisk og «mon cheri» som tydar «min kjære» på fransk.

Bylgarskata pesen za Evroviziya 2012[endre | endre wikiteksten]

14. januar 2012 deltok Sofi Marinova i semifinalen i Bylgarskata pesen za Evroviziya 2012 og gjekk vidare til finalen. I finalen 29. februar 2012 vann songen med 20 poeng og skal representere Bulgaria i Eurovision Song Contest 2012.

Eurovision Song Contest 2012[endre | endre wikiteksten]

Songen fekk starte som éin av dei åtte fyrste i den andre semifinalen, men gjekk ikkje vidare til finalen. «Love Unlimited» var det fyrste bidraget i Eurovision Song Contest med tekst på aserbajdsjansk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]