Bartel Leendert van der Waerden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Bartel Leendert van der Waerden (/ʋardən/) (fødd 2. februar 1903 i Amsterdam, død 12. januar 1996 i Zürich) var ein nederlandsk matematikar.

Livsløp[endre | endre wikiteksten]

Van der Waerden er son av ein matematikklærar. Alt som ung viste han seg som ein matematisk begavelse. I 1919 byrja han studia sine i matematikk i Amsterdam med blant anna Hendrik de Vries som lærar. Seinare studerte han i Göttingen under Emmy Noether. I 1928 vart han professor ved Universitetet i Groningen og i åra 1931 til 1945 var han professor og direktør ved matematisk institutt Universität Leipzig. Hans samtidige, Werner Heisenberg og interesse for kvantemekanikk hadde ført han dit. Gjennom seminar ved universitetet kom boka Gruppeteoretiske metodar innan kvantemekanikk.

I 1940-åra vart det vanskeleg for han i Tyskland i det han ikkje ville oppgje det nederlandske statsborgarskapet sitt. Etter krigen arbeidde han ei tid for Shell i Amsterdam før han gjekk til det amerikanske Johns Hopkins University og var professor der i åra 1948-1951. Frå 1951 til 1972 var han professor ved Zürich universitet.

Virke[endre | endre wikiteksten]

Han er kjent for læreboka i algebra i to bind som utkom første gongen i 1930 med tittelen Moderne algebra. Dette arbeidde var sterkt influert av førelesningar av Emil Artin og Emmy Noether. Dette var den første læreboka som reflekterte dei store endringane som skjedde innan algebra på byrjinga av 1900-talet og vart eit standardverk gjennom fleire tiår.

Han drei òg med bruk av elementærgeometeri, aksiom innan geometri, statistikk, topologi og talteori. Med eit så vidt interessefelt er han oppfatta som ein av dei siste generalistane innan matematikken. Van der Waerden-satsen er ein viktig læresetning innan Ramsey-teori og innan kombinatorikk.

I 1953 beviste han saman med Kurt Schütte «kyssetalproblemet» i tre dimensjonar der ei sentral kule kan rørast av maksimalt ytterlegare tolv like store kuler. Ifølgje Richard Gregory trur ein at Isaac Newton meinte mengda kunne setjast til 13.[1]

I tillegg var han ein førande vitskapshistorikar og dreiv særleg med gresk matematikk og historia til algebraen.

Van der Waerden vart den 12. januar 1996 innvalt som æresmedlem i Sächsische Akademie der Wissenschaften. Gjennom mange år var han utgjevar av Dei matematiske annalane.

Verk[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]