Bartreløpar
| Bartreløpar | |
Bartreløpar | |
| Systematikk | |
| Rike: | Dyr Animalia |
| Rekkje: | Leddyr Arthropoda |
| Underrekkje: | Seksfotingar Hexapoda |
| Klasse: | Insekt Insecta |
| Orden: | Biller Coleoptera |
| Familie: | Trebukkar Cerambycidae |
| Slekt: | Rhagium |
| Art: | Bartreløpar R. inquisitor |
| Vitskapleg namn | |
| Rhagium inquisitor | |
Bartreløparen er ei bille i trebukkfamilien. Han er utbreidd i heile Europa, nord i Asia og i Nord-Amerika, og høyrer med mellom dei vanlegaste og mest utbreidde artane gruppa har. I Noreg er han òg talrik, ein kan finna han frå heilt i sør til Finnmark overalt kor det er skog.
Levesett
[endre | endre wikiteksten]Bartreløparen er, som namnet tilseier, hovudsakleg knytt til bartre. Særleg i høgareliggande og nordlege strok byter arten òg ofte til lauvtre som bjørk og eik. Egga vert lagde i ferskt daudt trevirke, helst fuktig med byrjande råte. Larvane lever mellom borken og veden, kor dei òg seinare forpuppar seg. Dette skjer i eit karakteristisk «reir» av små fliser. Utviklingstida er frå to år i Noreg.
Dei vaksne billene klekkast seint på hausten, men overvintrar og kjem ikkje fram før om våren.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- (no) Bartreløpar hos Artsdatabanken
- (en) Bartreløpar i Catalogue of Life
- (en) Bartreløpar i Encyclopedia of Life
- (en) Bartreløpar i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) Bartreløpar hos Dyntaxa
- (en) Bartreløpar hos Fauna Europaea
- (en) Bartreløpar hos ITIS
- (en) Bartreløpar hos NCBI
- (en) Kategori:Rhagium inquisitor – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- (en) Rhagium inquisitor – galleri av bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Rhagium inquisitor – detaljert informasjon på Wikispecies