Batnfjordelva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Batnfjordelva er ei elv i Gjemnes kommune i Møre og Romsdal. Ho har utspring frå Botnvatnet og renn mot aust og seinare mot nordaust til ho munnar ut inst i Batnfjorden ved Batnfjordsøra. Tidlegare vart elva òg kalla Barkna, i samband med at ho rann ut i Barknafjordur (Batnfjorden).

Elva er 19,6 km lang, og har eit nedbørfelt70,0 km².[1] Middelvassføringa ved munningen er 4,61 m³/s.[1]

Referansar[endre | endre wikiteksten]