Beidane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Beidane eller bidān, òg stava baydan eller beydan (arabisk بيضان‎: بيضان), er eit arabisk omgrep som blir brukt for å visa til lyshuda eller «kvite» maurarar i Mauritania, Marokko, Algerie og i nokre grenseområde i Mali og Niger. Det står i motsats til ordet haratine, som viser til folk med mørkare hud, eller «svarte maurarar». Beidanefolk, som er av blanda arabisk og berbar-opphav, representerer 30 % av folkesetnaden i Mauritania.[1][2] Språket deira er hassaniya-arabisk.

Stilling i Mauritania[endre | endre wikiteksten]

Beidanefolk utgjer rundt 30 prosent av folkesetnaden i Mauritania,[3] og dei er den største etniske minoriteten. Haratine (svarte maurarar) utgjer rundt 40 prosent av folkesetnaden og dannar den etniske majoriteten.[4] Dei gjenverande 30 prosent er mauritaniarar har avstamming frå Afrika sør for Sahara.[5]

Innan Mauritania har eit mindretal kontroll over landet. Beidane kontrollerer den nasjonale økonomien, og ein betydeleg del av statsapparatet, inkludert men ikkje avgrensa til regjeringa, militæret og politiet.[6]

Mauritanske folketeljingar omfattar ikkje etnisitet, men ifølgje styresmaktene er fleirtalet av innbyggjarane (dei 70 % danna av beidane og haratine) maure, eller maurarar, med tydinga ‘talar av hassaniya-arabisk’. Beidanefolk vil i stor grad identifisera seg med dette omgrepet, medan dei fleste haratinefolk ikkje gjer det, og reknar seg som ei eiga etnisk gruppe.[4]

Slavehald[endre | endre wikiteksten]

Mauritania har ei lang historie med slavehald innan dei ulike folkegruppene. Historisk har beidanefolk vore slavehaldarar medan haratinefolk historisk har vore slavar.[7]

Under den franske kolonitida erklærte Frankrike at dei ville bidra til å få slutt på bruken av slaveri i framtida, sett til 1905.[7] Kolonistyresmaktene klarte ikkje å gjennomføra slike dekret, og slaveri blei fyrst offisielt avskaffa i 1981. Mauritania var den siste nasjonen i verda til å innføra ein slik lov.[7]

Trass i avskaffinga av slaveriet er mange mauritaniarar, særleg haratinfolk, blitt haldne fast i eit «limbo» som liknar kontraktstenarskap der dei framleis er sosioøkonomisk avhengige av «herrar» frå beidanefolket på grunn av stillinga deira i det sosiale hierarkiet.[8]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. David Seddon (2013). A Political and Economic Dictionary of the Middle East. Routledge. s. 431. ISBN 978-1-135-35562-3. 
  2. «Bīdān Moor - people». Henta 17. april 2023. 
  3. «Mauritania», The World Factbook (på engelsk) (Central Intelligence Agency), 26. april 2023, henta 2. mai 2023 
  4. 4,0 4,1 «Mauritania», The World Factbook (på engelsk) (Central Intelligence Agency), 26. april 2023, henta 2. mai 2023 
  5. «Mauritania», The World Factbook (på engelsk) (Central Intelligence Agency), 26. april 2023, henta 2. mai 2023 
  6. «Mauritania: Report of the Special Rapporteur on contemporary forms of slavery» (på engelsk). Henta 2. mai 2023. 
  7. 7,0 7,1 7,2 Kharroub, Tamara. «Slavery in Mauritania: The Long Road to Real Emancipation» (på engelsk). Henta 2. mai 2023. 
  8. Melly, Paul. «Mauritania's Unfolding Landscape: Elections, Hydrocarbons and Socio-Economic Change».